- Me håper at me har fått inn alle peparkakehus til laurdag. Me har ikkje enno fått inn alle bidrag, men tidlegare års erfaring viser at nokre leverer inn etter sjølve opningsdagen, fortel Margit Mathisen, leder for Røde Kors Barnehjelpen på Stord, som i samarbeid med Leirvik sentrumsforening står bak peparkakeutstillinga.

Mathisen fortel at i tillegg til privatpersoner lagar fleire barnehagar peparkakehus til utstillinga, og at ein i år vil få inn i alle fall 20 hus av ulik arkitektur.

Ope fram til jul

Peparkakebyen er ope tysdagar og torsdagar mellom klokka 11.00-17.00 samt laurdagar klokka 11.00-15.00/16.00 fram til jul.

Barnehagar kan avtale å kome utanom opningstider.

- Barnehagane kjem ofte i store grupper, og difor tilbyr me dei å kome utanom opningstidene. Me serverer peparkaker til barna, opplyser Mathisen.

Bilete på topp: Peparkakehus i utstillinga i fjor.