Endeleg er han her. Ikkje heilt ferdig – men nok til å feira!

Turveg rundt Ådlandsvatnet

Alle som vil er hjarteleg velkomne til opning av turvegen, 16. juni klokka17.00.

Me møtest på Gildeskålsbakken ved Frugardselva ca 400 meter oppover langs elva frå Møllebrua/Leirvik bedehus

Program

  • Opning ved Ordførar Harry Herstad
  • Innslag ved Sæ barnehage
  • Rommetveit skulekorps spelar
  • Bygdekvinnelaget med satsinga «Bygda i bevegelse» vil servere ein matbit til dei som kjem på opninga
  • Leikar for borna

Denne ettermiddagen står anleggsmaskinane i ro og du kan gå heile eller delar av vegen rundt Ådlandsvatnet.