Det svinga i Prestagardsskogen fleirbrukshall under den offiselle opninga av det flotte bygget. Elevar frå den nye ungdomsskulen i nabolaget stilte opp og underheldt med både dansegrupper, rockeband og trampettoppvisning.  

Fantastisk flott

I opningstalen fortalde ordførar Liv Kari Eskeland historia om Prestagardsskoen frå ho trakka sine barnesko i dette området.  

– Dette er eit fantastisk flott helsebringande tiltak, avslutta ho før ho klypte snora og erklærte hallen for opna.

Leiar for Stord kommunale eigedom KF, Olav Eide, vart deretter overrekt nøkkelen til bygget.

– Dette bygget har stor verdi, og me treng hjelp til å ta vare på det slik at det vert kjekt å vera her, oppmoda han.

1900 kvadratmeter

Prestagardsskogen fleirbrukshall har eir bruksareal på 1900 kvadratmeter. I tillegg til sjølve hallarealet på rundt 1000 kvadratmeter, er det sosialrom, styrkerom og tribunar med plass til 160 personar.

Byggearbeida starta opp i månadskiftet august/september 2009, og hallen vart teken i bruk i august 2010. Det er Lønheim Entreprenør AS som har hatt totalentreprisen for bygging av hallen.

Bilete

Sjå bilete frå den offisielle opninga av Prestagardsskogen fleirbrukshall