Det vert synt til Kommunestyrevedtak frå 17.06.2010 lydande slik:

– Kommunestyret vedtek full drift ved Litlabø barnehage frå august 2010, alternativt snarast mulig, og seinast innan januar 2011.

Administrasjonen har i møte 19.08.10 drøfta ny oppstart av avdeling Litlabø, og legg opp til følgjande plan for gjennomføring:

  1. Det vert lagt opp til opning 15. november. Opning 15. i månaden gjer at ein med noverande reglar om statstilskot får tilskot for ein heil månad sjølv med oppstart seinare enn den 1. i månaden. 
  2. Plassane i avdelinga vert lyst ut med atterhald om politisk godkjenning. Søknadsfrist vert sett til 10. september.
  3. Finansiering av utgifter med drifta i 2010 vert fremja i samband med budsjettrevisjonen for 2. tertial 2010.
  4. Dersom ikkje barnehageplassane vert fylt tilstrekkeleg opp, kan alternativ  drift verta vurdert for ein periode. Meir konkret kan dette td. vera utegruppe for dei eldste barna i Sagvåg og Litlabø barnehage med base i avdeling Litlabø. Ei slik ordning vil frigjera plassar for små barn i avdeling Nysæter. 
     

Magnus Mjør
Rådmann