Stord kommune har invitert til begrensa plan- og designkonkurranse for Nysæter ungdomskule med fleirbrukshall.

Frist for levering av søknad om deltaking i konkurransen var sett til onsdag 20. september 2017 kl 12.00. Innan fristen var det levert 19 søknader.

Av desse søknadane skal det veljast ut 5 arkitektkontor til deltaking i konkurransen.

Utvelging av deltakarar i konkurransen er basert på kunngjorde kriterier med mellom anna røynsle med prosjektering av ungdomskular dei siste 5 åra, soliditet, kapasitet, fagleg kompetanse og oppgåveforståing.

Basert på overfor nemnte kriterier er følgjande arkitektkontor valt ut til å delta i konkurransen:

  • Arkitektene VIS-A-VIS AS, Trondheim
  • L2 arkitekter AS Oslo
  • Arkipartner AS Stavanger
  • Og Arkitekter AS, Bergen
  • ABO plan & arkitektur/JK. Arkitektur AS, Os, Stord

Det vert møte og synfaring med dei utvalde arkitektkontora fredag 6. oktober 2017.

Frist for innlevering av utkast er sett til 30. november 2017.

Dei innkomne forslaga skal bedømmast av ein jury med personar frå administrasjonen, tillitsvalde, ein person frå komite for oppvekst og utdanning, ein person frå IL Solid og to eksterne sivilarkitektar oppnemnt av arkitektforeningen (NAL).