Prisen, som vart utdelt i kommunestyret i dag, vart tildelt einingsleiarane for Rehabilitering, helse og omsorg (RHO) for nytt system for opplæring for nytilsette i Rehabilitering, helse og omsorg:

  • Britt Sørensen Dalsgård - heimebaserte tenester
  • Esther Aasen Bjelland - institusjonane
  • Diana Marie Bergeland Helland - sosial og førebyggjande tenester
  • Kristin Steinsland - aktivitet og rehabilitering
  • Nina Steinsbø Walquist – habilitering.

Prisen for innovasjon og nytenking er eit kunstverk med verdi inntil 10 000,- og ein pengesum på 10 000,- 

Grunngjeving

Einingsleiarane i RHO-tenestene har gått saman om eit undervisningsopplegg for nye tilsette. Opplæringa er planlagt gjennomført to gongar kvart år og er eit tilbod til dei som er tilsett siste halvår. Per oktober 2015 er det gjennomført to opplæringsdagar. Bakgrunnen for at ein gjer dette, er at mykje av den formelle og praktiske informasjonen er lik i RHO-einingane.

Ønskjer å stimulera til nytenking

Prisen, som vart oppretta i 2014, skal føre til ytterlegare nytenking og innovasjon i kommunen, og ikkje minst vil det vera ein fin gest til den eller dei som bidreg til vidare utvikling.

Føremålet med ein innovasjonspris er vera å påskjøna og stimulera til nytenking i fagmiljøa. Dei tilsette sine idear til nyskaping kan verta fanga opp, tekne i bruk og kan slik skapa gode verdiar for Stord kommune.