Prisvinnaren saman med ordførarar og fylkesordførarI grunngjevinga heiter det at prisen i år går til Digernes for skjøtsel og restaurering av kystlandskapet på garden på Digernes og på Otterøya i Bømlafjorden.

Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland deler kvart år ut Kulturlandskapsprisen. Prisen er meint som ei påskjønning til dei som over fleire år gjer ein ekstraordinær innsats for å ta vare på jordbruket sitt kulturlandskap. Temaet i år var "kystgard og kystbonde".

Vinnaren konkurrerte mot 11 andre kandidatar frå kystkommunane i Hordaland.

Les meir om pristildelinga på Fylkesmannen si heimesida.

Bilete i artikkel: Prisvinnaren saman med ordførarar og fylkesordførar. Frå høgre: Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen, Ole Gjermund Digernes, ordførar i Stord kommune Liv Kari Eskeland og ordførar i Bømlo kommune Odd Harald Hovland (foto: Magnus Mjør).