MIC-prosjektet i Comalapa gir resultat

Besøket i San Juan Comalapa inneheldt fleire høgdepunkt. Ordførar Valeriano Pichiyá og den nye rådmannen José Brigido Tomás hadde sett saman eit innhaldsrikt program. Måla med MIC-prosjektet er auka deltaking av kvinner i politiske prosessar, og auka medvidt om miljø og avfallshandtering. – Om eg skal trekka fram noko må det vera eidsavlegginga for dei nye hjelpeordførarane, 65 i talet, seier ordførar Liv Kari Eskeland.

Bildet: Stordordførar Liv Kari Eskeland helser på den fyrste kvinna som er valt inn i kommunestyret i Comalapa

Fotoalbum frå ordførarbesøket i Comalapa januar 2013

Comalapa har mest 50 000 innbyggjarar, der halvdelen av befolkninga lever i grender utanfor bykjernen. I kvar grend er det ein eller fleire hjelpeordførarar. Tradisjonelt har desse vore menn. I planane for MIC-prosjektet for 2012 hadde ordførar Valeriano Pichiyá og leiar av kvinnekontoret María Sotz lagt opp til å også innføra hjelpeordførarar i dei fire sonene i bykjernen, med likestilling som eit av kriteria. Tysdag 8. januar var derfor en historisk dag i Comalapa, der 8 kvinner og 8 menn frå bykjernen var blant dei 65 nye hjelpeordførarane som fikk sin ordførarstav frå ordførar Valeriano Pichyiá. Dei fekk også eit jakkemerke med kristtorn frå Stord-ordførar LIv Kari Eskeland.

"Ein dag skal Comalapa også få ein kvinneleg ordførar"

MIC-prosjektet gir mogelegheit for kompetansebygging for kvinner med tema som kunnskap om kommunelova, menneskerettar, mayakvinnene sine rettar, leiing, verdsetting av kvinneleg deltaking m.m. Meir enn 120 kvinneleige leiarar deltok i eit dagsseminar 8. januar der det vart utveksla erfaringar frå denne opplæringa. Det vart m.a. gitt uttrykk for at ein hadde oppnådd større sjølvkjensle, ein opplevde større respekt frå ektefeller, og at ein i større grad såg verdien av at kvinner samarbeider i nettverk og av å delta i politikk og samfunnsliv. Ordførar Liv Kari Eskeland delte sine erfaringar som kvinnelig politikar. Særleg dei nye kvinnelege hjelpeordførarane hadde mange spørsmål og gav uttrykk for at ho vart eit viktig forbilde. En dag skulle også Comalapa få ein kvinnelig ordførar!

Auka interesse for miljøbevaring og bosshandsaming

I fleire møte med representantar for Miljøkontoret, miljøorganisasjonar og lærarar var det fleire som uttrykte takksemd for opplæringa dei hadde fått gjennom MIC-prosjektet og håp om at prosjektet ville fortsetta. Bosset vert i dag i stor grad kasta på ulovlege fyllingar som forureiner vasskjelder og jord. Stadig fleire er opptekne av at Comalapa får til ei betre handtering av avfallet for å unngå den forureining og dei helseskader denne medfører. På torget er det no utplassert konteinarar for kjeldesortering som spesielt vert brukt på marknadsdagar, og fleire skal koma i andre deler av bykjernen. Ei utfordring er å etablera ein kommunal eller interkommunal bossplass.

Rådmannstilling etter modell fra Stord

I Guatemala er ordføraren som regel også rådmann. Ordførar Valeriano hadde tenkt at han trengte avlastning i det administrative arbeidet. Då han var på Stord i mai 2012 og såg korleis rådmannen i Stord arbeida, vart han overtydd om at han også ville organisera seg slik for å kunna yta betre sørvis til innbyggjarane. –Den nye rådmannen er en dyktig og likandes kar, sa Stord-rådmann Magnus Mjør under besøket i Comalapa. –Det er interessant å diskutera administrative oppgåver med en kollega i Comalapa!

Tek vare på Maya-tradisjonane

I Comalapa er 93 prosent av innbyggjarane maya-indianarar. Kvinnene går i sine tradisjonelle drakter. Språket er Kakchikel, og blant de eldre er det mange som ikkje snakkar spansk. Under velkomstfesten fekk Stord-delegasjonen mellom anna sjå ein takkeseremoni for maishausten der kvinnene dansa til tradisjonell musikk. Sundagsturen 4. januar vart litt annerleis for storabuane. Først eit besøk i Mixco Viejo med godt bevarte pyramidar. Der fekk ein sjå to lag utfordra kvarandre i mayaballspel, der det berre er lov å bruka knær, hofter og skuldrar. Så gjekk turen til den første hovudstaden i Gutatemala, Ixchimché. Det er ein av mayaene sine heilage stader, eit vakkert graskledd område med låge pyramidar. Der var ein særleg seremoni for dei to ordførarane. Rundt den heilage elden, som mayapresten og deltakarane tente, med ofringer av lys, mat, urter m.m. påkalla han "los antepasados", forfedrane, og bad om mykje og positiv energi til hjelp for å løysa utfordringar og for å skapa balanse i livet. Ifølgje mayaene sitt verdsbilete var ein epoke slutt 21. desember 2012, og verda gjekk inn i ein ny epoke der menneskje, naturen, landet og verda skal koma meir i balanse.

Venskap Stord-Comalapa med i delegasjonen

De tre representantane frå styret i Venskap Stord-Comalapa, Jan Morten Nesse, Chris-André Elvik og Ragnhild Storebø medverka i stor grad til det vellukka opphaldet. Jan Morten og Chris André snakkar flytande spansk, og Ragnhild var aktiv og interessert i alt det nye. Ho var den einaste i delegasjonen som ikkje hadde vore i Comalapa tidlegare. På avskjedsfesten stilte ho i nykjøpt mayadrakt. Venskapskomiteane fra Stord og Comalapa hadde eige program der dei forsterka venskapen og la planar for framtida.

Både ordførar, kommunestyre, deltakarar i kvinne- og miljøseminar og venskapskomiteen i Comalapa utrykte sterke håp og ønske om at MIC-prosjektet og venskapsikontaktene måtte halda fram.

Mogeleg gjenvisitt i mai 2013

– Det skal noko til å matche den mottakinga og det programmet vi vart presenterte for i Comalapa, sa ordførar Liv Kari Eskeland før avreisa til Noreg. Truleg vil ein delegasjon frå Comalapa vitja Stord i dagane rundt 17. mai 2013.

Fakta:

1989 Venskapskontakt mellom Stord kommune og venskapskomité i Comalapa
1993 Første besøk frå venskapskomiteen i Comalapa
1994 Første reise til Comalapa fra Venskapskomiteen i Stord
1995 Venskap Stord-Comalapa oppretta med eige styre og vedtekter
1995 Stord kommunestyre vedtek at Comalapa er offisiell venskapskommune
1997 Comalapa kommune vedtek at Stord er offisiell venskapskommune
1997 Førstre besøk frå ordførar i Comalapa
1997 Første reise for musikkprosjektet på Stord til Comalapa
1998 Første reise til Comalapa for ordføraren i Stord
2002 Avtale om fredskorpsutveksling underteikna, varte i 10 aar.
2007 Forprosjekt det internasjonale kommuneprosjektet MIC, prosjekt fra 2008, finansiert av Norad/KS

Venskapskomiteane har som regel besøkt kvarandre annakvart år. I MIC-prosjektet er det budsjettert med reiser begge vegar kvart år.

---------------------------------------------------------------------------

Comalapa 14. januar 2013

Gerd Synnoeve Fladby
Koordinator MIC prosjektet