Tematikk og den raude tråden i år er folkehelse, utanforskap, sosial berekraft, mangfald og konflikt. Programmet er i stor grad sett saman av tidsaktuelle politikarar, forskarar, forfattarar, journalistar, samfunnsdebattantar og andre.

Varaordførar Øyvind Kyvik opna samtidsdagane saman med Christine Øye, prorektor Høgskulen på Vestlandet.

I første programpost tysdag, var kommunedirektør Tommy Johansen med i ein panelsamtale saman med forfattar og tidlegare barne–, likestillings– og inkluderingsminister Inga Marthe Thorkildsen, prorektor Christine Øye og professor Kjetil Grimastad Lundberg frå Høgskulen på Vestlandet, om tema  i den nye boka til Thorkildsen: «Det vi så, var et svik mot barna» at mange barn i Noreg opplever overgrep, vald og omsorgssvikt.

Me er glade for å kunne delta på eit arrangement med så mange viktige tema, seier kommunedirektøren.

Rektor på Stord ungdomsskule, Rune Valvatne Ask og leiar i PPT, Jannecke Fjeldtvedt deltok også på Samtidsdagane. Dei var med på refleksjonspanelet som drøfta "Skulevegring" av forfattar Gaute Brochmann.

Ufrivillig skulefråver/skulevegring er aktuell og samansett problemstilling som opptek fagpersonar og politikarar - både internasjonalt og nasjonalt. Og er ei aktuell problemstilling også for skulane i Stord kommune. Det er positivt at det kjem på den faglege dagsorden. Å bidra til ei inkluderande opplæring som famnar om den variasjon elevane våre har er eit viktig og sentralt oppdrag - både for grunnskulen og PPT, seier Fjeldtvedt.

Om Samtidsdagane

Seminaret har sidan 2009 vore eit årleg tverrfagleg seminar for barnehagelærar-studentar, grunnskulelærar-studentar og studentar innanfor helse og sosialfag på Høgskulen på Vestlandet. 

Seminaret er også ope for tilsette i praksisfeltet knytt til utdanningane deira. 

Tidlegare føredragshaldarar er mellom anna Kai Eide, Åsne Seierstad, Simen Sætre, Camara Lundestad Joof, Sumaya Jirde Ali, Ingeborg Eliassen, Olaug Nilssen, Anne Sender, Sidsel Wold, Nancy Herz, Aage Storm Borchgrevink, Bjørn Westlie, Fredrik Græsvik, Stian Bromark, Nina Grünfeld, Jakob Lothe, Dag Hoel, Arne Vestbø og Frode Grytten. 

Her kan du sjå programmet for samtidsdagane 2024 - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)