Utdeling av Demensprisen 2021Det var om lag 50 gjester i Hauglandsstova i dag, både pasientar og personale, og det vart servert kvit dame og kaffi. 

Einingsleiar Esther Aasen Bjelland ynskte velkomen og fortalde litt om avdeling Backertunet sin historie.

Fungerande leiar i Demensforeninga i Hordaland, Sigrid Alvestad, fortalde om grunngjevinga for at vi fekk prisen og overrekte kunstverket saman med leiar i Stord/Fitjar demensforeing Håkon Frode Særsten.

Ordføraren takka for prisen på vegne av sjukeheimen og kommunen.

- Vi er både glade og stolte over at arbeidet som har blitt gjort gjennom så mange år vert sett og anerkjent på denne måten, sa einingsleiar Esther Aasen Bjelland.

Over heile landet har fylkeslaga i Nasjonalforeningen for folkehelsen delt ut demenspriser no i haust og på Stord er det Stord og Fitjar Demensforening som deler ut prisen. 

Demensprisen er ein honnør for innsats utover det vanlege, til beste for demenssjuke og pårørande. Prisen vert gitt til kvardagsheltar, som kan vera enkeltpersonar eller ei gruppe, f.eks. ei eining som ein institusjon, eit dagsenter eller ei avdeling.

Stord og Fitjar Demensforening i Nasjonalforeningen for folkehelse har bidratt med å utvikla sansehagen på like fot med fleire andre organisasjonar på Stord saman med Stord kommune. Resultatet er fantastisk er eit tilbod som mange på Stord kan nytta godt av enten som pårørande eller som brukar. 

Grunngjeving for prisen

Stord sjukeheim si avdeling Backertunet som vart tatt i bruk i 2006 og har dermed 15 års-jubileum i november. Avdelinga er bygd spesielt for personar med demenssjukdom, og har plass til 27 pasientar, fordelt på 4 grupper. Avdelinga ligg i 4.etg, og frå stovene og pasientrom er det utsikt mot Leirvik sentrum, sjøen og Kvinnherad fjella.

På andre sida av bygget er det laga til ein flott sansehage, og alle gruppene har utgang til hagen. Gangvegen er asfaltert og er lett å bruka til beins, med rullator eller rullestol, og blir flittig nytta av pasientane med pårørande og personalet.

I sansehagen er det laga til ein liten steingard med port, fleire sittegrupper, og er flott beplanta av blomar og tre, som er fine til ulike årstider. Det er måleri, fossefalls-figurar, eventyr-figurar, reiskapsbu og vea-lag som alle kan hjelpa til med. Det blir nytta ulike ball-/ringspel.

Frisk luft og mange gode sanseopplevelser hjelper godt i ein kvardag som til tider kjennest uroleg, og ein gjerne ikkje lenger klarer å følgja med i tida. Då smaker det ekstra godt med kaffi og noko godt attåt…gjerne ein is. I sansehagen blir det arrangert song- og trimstunder, konsertar, besøk av barnehage- og skulebarn. Kvart år er det stor sommarbasar, med unntak av dei 2 siste åra.

Det må òg nemnast at Backertunet har eigen huskatt som heiter KariKari. Ho er 9 år og er eit kjærkomen medlem på avdelinga, og liker seg ute på tur med pasientane. Namnet *Backertunet* kjem av at det budde ein lege, dr Backer, i området for lang tid tilbake.

Backertunet har eit stabilt personale som alle brenn for at pasientane og pårørande, skal ha så gode opplevingar som mogleg, sjølv om alvorleg sjukdom har ramma familien. Gjennom ulike arbeidsgrupper og arrangement, og ei fantastisk leiargruppe, så har sansehagen og avdeling vorte til den gode og innhaldsrike plassen for personar med demenssjukdom.

Dette er eit tilbod som mange på Stord kan nytta godt av anten som pårørande eller som bruker. 

Bilete i artikkel: Frå venstre: fungerande leiar i Demensforeninga i Hordaland Sigrid Alvestad, avdelingssjukepleiar Solfrid Aasheim, ordførar Gaute Straume Epland og einingsleiar Esther Aasen Bjelland. Foto: Stord sjukeheim