Stord sin stand på samling for velferdsteknologi

Prosjektet som er i regi av Helsedirektoratet og KS går ut på å ta i bruk teknologi, slik at eldre kan bu lengst mogleg i eigen bustad.

Stord kommune har knytt prosjektet opp til utvida bruk av allereie eksisterande tryggleiksalarmar hjå brukarane. Den nye teknologien gjev blant anna alarmar med sporing/GPS, fall, dørsensor og røykvarslar.

- I 2014 var det 15 brukarar som prøvde ut nokre av desse alarmane. I år er måltalet at 65 brukarar skal få prøve ut teknologi som kan gje tryggleik, sjølvstende og aktivitet, seier prosjektleiar Hilde S. Aadland.

Velferdsteknologiprogrammet er ein del av Omsorgsplan 2020. Planen er ei større satsing for å skape betre kvalitet i tenestetilbodet. Eit hovudmål er at velferdsteknologi skal vera ein naturleg del av tenestetilbodet innan 2020.

Les meir om prosjekt i kommunen her.

Bilete frå ventsre: Hilde S. Aadland og Britt S. Dalsgård.