Namneendringa kjem på bakgrunn av at dokumentsenter er eit mykje meir presist namn på avdelinga i høve til breidda i oppgåvene som no vert utført. 

I dag føregår det meste av korrespodansen i kommunen elektronisk, og meir vil det bli dei neste åra. Oppgåver som før vart knytt til ei tradisjonell sekretærfunksjon, vert i dag ordna på enklare vis. 

Dokumentsenteret er eit namn som famnar om mykje av oppgåvene som vert utført av dei fem tilsette. Registrerting av inn- og utgåande dokument, handsaming av innsynskrav, klargjering av dokument til dei politiske utvala og mykje anna.