Signering av sykkelbyavtalenDei seier Stordordførar Liv Kari Eskeland. I dag, tysdag 22. januar, signerte ho sykkelbyavtalen saman med Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen.

Satsing over fire år

Stord kommune er ein av to kommunar i Hordaland som er plukka ut til å vere sykkelby, og satsinga på Stord vil skje i perioden 2013-2016.

Å vera sykkelby vil seia å få hjelp til å gjennomføra planar om gang- og sykkelvegnett, til å satsa på sykkel for transport til å koma til og frå skule, jobb og fritidsaktivitetar og til å bruka sykkel i fritida.

Også eit mål i kommuneplanen

Målet med sykkelbyavtalen er å gjera det meir attraktivt, enkelt og trygt å velja sykkel som transportmiddel. Målet skal nåast ved å kombinera tiltak retta mot infrastruktur og meir «mjuke» tiltak som til dømes kampanjar og informasjonstiltak.

– Det er eit mål at fleire på Stord skal velja å sykla i staden for å køyra bil, seier ordføraren.

Ho viser også til at kommuneplanen har gang- og sykkelvegar som eit satsingsområde. 

"Gangbar tettstad"

I tillegg til sykkelbyprosjektet er Leirvik plukka ut av fylkeskommunen til å bli med i prosjektet "Gangbar Tettstad". Prosjektet «Gangbar tettstad» er eit tiltak frå Handlingsprogrammet til Regional Klimaplan for Hordaland. Prosjektet byggjer på målsetjingar om å fremja miljøvenlege transportformer i fylket og at talet på reiser til fots skal aukast i heile Hordaland.

Prosjektleiar for sykkelbyprosjektet, Astrid Larsen, seier at ei to prosjekta må sjåast i samanheng.

– Me ynskjer å få fleire til både å gå og sykla. For å få dette til er det viktig for oss at folk på Stord er med på å definera behova. Me ynskjer også å samarbeida med lag og organisasjonar, fortel prosjektleiaren.  

Bildet: Ordførar Liv Kari Eskeland signerer sykkelbyavtalen. Fylkesordførar Tom Christer Nilsen og Sindre Lillebø frå vegvesenet ventar på tur.