Sorte Ljos

Bandet Sorte LjosKvartetten Sorte Ljos byrja å spela ilag hausten 2012, og består av ungdomsskuleelevane Tobias Hukset på elgitar, Ruben Betten på bass og vokal, Sander Hjellvik Askeland på elgitar, samt Frank Omar Vad på slagverk.

Sorte Ljos skriv og spelar eigenkomponerte låtar. Første singelen, som vert slept 12. juni, har tittelen «Ussel Grav». Bandet spelar alternativ poprock med hint av punk.

- Me har skrive fire låtar, men valde å sleppe denne som vår første singel. Inspirasjonen til teksten har me fått frå ulike stader, fortel Sander Hjellvik Askeland.

På dei to første åra har Sorte Ljos blant anna vore oppvarmingsband for Honningbarna og representert Stord i fylkes-mønstringa UKM i 2014.

- Me ønskjer å opptre meir, og ser fram til konserten i kulturhuset, seier Ruben Betten.

Untitled

Jentene i Untitled starta opp som band våren 2013. Bandet består av ungdomsskuleelevane Kristin Sagstad på vokal, Hermine Pedersen på slagverk og kor, Marion Belsvik på gitar og kor, Erin Ask Sele på piano og kor, samt Ingrid Grov Almås på keyboard.

No debuterer dei med ein sjølvskriven singel som har fått namnet "You owe me to". Kvintetten har også covra forskjellige låtar før dei laga eigen singel med litt hjelp frå to studentar på musikklina ved Høgskulen Stord/Haugesund.

- Det er ein kjærleikssong, som handlar om korleis forholdet er mellom to personar når dei seier farvel til kvarandre, medan dei framleis har noko uoppgjort, fortel jentene.

Untitled har tidlegare opptredd på MOT-konsert ved Stord ungdomsskule og på konsert i samband med Kulturskulen ved Stord vidaregåande skule. Jentene håpar på stort publikum når Kulturskulen har avslutningskonsert neste torsdag.

- Det vert kjekt å få framføre låta for familie, vener og andre, seier Erin Ask Sele med medhald frå dei andre jentene i bandet.

Bilete på topp frå venstre: Eirin Ask Sele, Hermine Pedersen, Marion Belsvik, Kristin Sagstad og Ingrid Grov Almås.

Bilete i artikkel frå fremst til bakarst: Sander Hjellvik Askeland, Frank Omar Vad, Ruben Betten og Tobias Hukset.