Glade elevar etter sigeren i fylkesfinalen.Elevgruppa frå 5. klasse ved Leirvik skule har gått frå den eine sigeren til den andre i Smartare Energi-konkurransen 2011. Først vann dei den interne skulekonkurransen. Så vart dei best i kommunen. Torsdag 30. mars gjekk dei til topps i fylkesfinalen.

Vinnarkonseptet er eit flytande offshore-tårn med innebygd vatn- og vindmølle.

På 2.plass kom Blomvåg skule frå Øygarden kommune med si løysing av dyrepark som produserer sin eigen energi. 3. plassen gjekk til elevar ved Hillestveit skule i Langevåg på Bømlo. Dei har svara på oppgåve levert av Finnås Kraftlag. Oppgåva gjekk ut på å laga eit PLUSSHUS, altså et hus som produserer meir energi enn det brukar.

Juryen si grunngjeving:

Gruppa frå Stord har arbeidd godt med løysinga og modellen. Dei har vore svært kreative. Elevane har teke i bruk fleire ulike energiformer. Gruppa utmerker seg spesielt med stor grad av innovasjon. Juryen kan ikkje forstå anna enn at oppdragsgjevar vil få stor glede og nytte av ideen i framtida. 

På vinnarlaget:
Emma Hinderaker Pedersen
Line Fadnes
Lars Hystad Aadland
Morten Haraldsen 

Oppdragsgjevar for Stordgjengen var Aker Solutions.