Driftsstyret sette i august 2012 ned ei arbeidsgruppe, "LOS-utvalet", for å kartleggja økonomiske og administrative forhold i Stord kommune. Det er denne gruppa som er beden om å leggja fram forslag til tenester eigna for konkurranseutsetjing.  

LOS-utvalet har vidare gitt rådmannen i oppdrag å utarbeida ei sak som gir grunnlag for ei politisk avklaring på kva for tenester som eventuelt kan setjast ut på anbod. Rådmannen set no ned ei arbeidsgruppe som skal jobba vidare med saka.  

– Konkurranseutsetjing inneber at kommunen beheld totalansvaret for tenesta. Dette i motsetnad til privatisering, der også det juridiske ansvaret går over til andre aktørar, skriv rådmannen i eit notat til LOS-utvalet.

Det er ikkje sett av løyvingar til dette prosjektet.

LOS-utvalet legg opp til at kommunestyret allereie i april 2013 vil gi endeleg vedtak om kva for tenester som skal konkurranseutsetjast.