Stord lufthamn har fått utarbeidd flystøysonekart for lufthamna i samband med ei eventuell utviding av aktiviteten med base for Nordsjøhelikopter.

Støynivået vert delt inn i rød og gul sone, der rød betyr høgare støynivå. Resultata i utgreiinga viser ingen bygningar i området med støyfølsamt bruksnivå i rød sone, men det finst ti bygningar innanfor gul sone som ligg i Stokkavegen og på Folderøyhamn. Av dess bygningane er ein fritidsbustad og resten bustader. Dersom det vert aktuelt med ein helikopterbase ved lufthamna kan ein i følgje utgreiinga difor forventa at det vert behov for å setja i verk tiltak på fasadar.

I utgreiinga har ein simulert med eit flymønster som tilseier at det fremst er støynivået utandørs på busetnad på Folderøy i Bømlo kommune og i området rundt lufthamna i Sagvåg som vert påverka av ei eventuell helikoptertrafikk til og frå Sørstokken.

Det er SINTEF som i oppdrag frå Sunnhordland Lufthavn AS har gjennomført støyutgreiinga.

Her kan du lesa heile støyrapporten.