DAT ønskjer å styrkje samarbeidet mellom bedrifter i Sunnhordland, gjere det enklare for dei lokale bedriftene å gjere seg nytte av flyruta, samt enklare å formidle bodskapen til kundar og forbrukarar.

- Flysambandet frå Stord er ein svært viktig del av den totale infrastrukturen. Det sikrar at det finst eit raskt og direkte samband til og frå Stord. Me vil gjerne signalere at me tek dette ansvaret på alvor. Difor har me no vald å etablere Stordflyet.no, som både har sitt heilt eige tingingssystem, ei eiga heimesida, eiga Facebook‐side og sitt heilt eige fly. Det er ein ny måte å jobbe med lokale flyruter på, seier Jesper Rungholm, CEO i Stordflyet.no/DAT.

Stor begeistring

På Stord lufthamn er det stor begeistring for Danish Air Transport sitt tiltak med Stordflyet.no.

- Me har store forventningar til Stordflyet.no, og det er flott at DAT gjer ein innsats for å styrkje ruta mellom Stord og Oslo. Og med nye tilbod til privatreisande og auka frekvens kan me berre oppmode til at fleire bruker ruta frå Stord til Oslo, uttalar Jan Morten Myklebust, flyplassjef ved Stord lufthamn.

Stordflyet.no går på vengene måndag 17. november. Flyet som DAT har sett inn på ruta er dekorert med tittelen "Stordflyet.no", og dermed har stordabuane faktisk fått eit fly som dei kan kalle sitt heilt eige.

Les meir om samarbeidet på heimesida til Stord lufthamn Sørstokken.