Det var i samband med kommunen sine planar for «Byrommet» at ideen om ei markering av den over 30-årige venskapsrelasjonen dukka opp. På torget i Comalapa er det ein heil minnepark!

Plaketten blir avduka av ordførar Gaute Straume Epland torsdag 12. mai kl 16.00 på torget. I tillegg vert det helsingar frå Comalapa og musikkinnslag.

Med på arrangementet er også Petter Skauen som har arbeidd for Kirkens Nødhjelp i Guatemala i over ein mannsalder. Han vil og orientera kommunestyret kl 12.30 og ha føredrag på biblioteket kl 19.00.

Plaketten er støypt i bronse med Stord sin venskapslogo og eit sitat på spansk som er likelydande med det som finns i minneparken i Comalapa.