Kongsvinger vart kåra til årets kommunale nettstad. På landsbasis kom Stord eit stykke nedover på lista. Poengsummen heldt likevel til ein fin tredje plass i Hordaland, berre slått av Etne og Radøy. 

Flest poeng på tilgjenge

Dei offentlege nettstadene er testa på kriteria tilgjenge, brukartilpassing og nyttig innhald. Stord  oppnådde 87 poeng på tilgjenge, 73 på brukartilpassing og 69 på nyttig innhald. Med ein samanlagt poengscore på 76 prosent kom Stord godt overt landsgjennomsnittet på 63 prosent.

Nest best i Sunnhordland

Med fem stjerner vart Stord nest beste kommune i Sunnhordland, berre slått av Etne som fekk seks stjerner. Kvinnherad, Tysnes, Bømlo og Sveio fekk fire stjerner, Fitjar tre og Austevoll fekk ei stjerne i kåringa. 

Her finn du fleire detaljar om resultatet for Stord kommune   

Resultat for alle kommunane