Stord kommune får heile 74 av hundre moglege poeng og plasserer seg på 46.plass av alle kommunane i Noreg. Berre eit halvt poeng skil Stord frå Bergen som med sine 74,5 poeng kommer ut som den beste kommunen i fylket vårt.

Representantar frå Forbrukarrådet har gjeve seg ut for å vera privatpersoner ved å kontakta kommunar i Noreg på e-post, telefon og via kommunane sine nettsider. Kommunane er testa på service, tilgjenge og informasjonskvalitet. Forbrukarrådet har testa i kva grad kommunane gjev god informasjon om ulike tenester. Tenestene sitt innhald og kvalitet er ikkje blitt testa.

Sjå heile testen på Forbrukarrådet sine nettsider.