Det er det internasjonale nettverket mot dødsstraff, "Cities for life", som har teke initiativ til markeringa.  Dei femten norske byane som deltek i markeringa er: Oslo, Larvik, Sande, Tromsø, Mo i Rana, Trondheim, Stjørdal, Bergen, Stord, Kragerø, Stavanger, Haugesund, Skien, Farsund.

Cities for Life

Cities for Life er eit nettverk av byar som seier ja til liv, nei til dødsstraff. Til no er 1224 byar fordelt på 81 land med i nettverket. Av desse er 61 hovudstader (mellom anna Stockholm, København, London, Roma, Paris, Brussel og Madrid). Alle byane i nettverket markerer 30. november som Cities for Life Day, ein dag som feirer livet og markerer motstand mot dødsstraff. Dette gjer dei ved å flombelysa eit signalbygg eller et monument i kvar by.

Starta i Toscana

Det er det katolske fellesskapet Sant’Egidio som har teke initiativet til Cities for Life. Amnesty International samarbeider med Sant'Egidio på verdsbasis om å rekruttera byar til prosjektet.

I 1786 oppheva storhertugen av Toscana, Peter Leopold Joseph, bruken av dødsstraff i regionen. 30. november vart avskaffelsen innført, og Peter Leopold Joseph gav ordre om at alle instrument innan regionen som hadde vore brukt i utføring av dødsstraff vart destruert. I år 2000 instituerte dei regionale styresmaktene i Toscana ei årleg feiring av dagen. Dette er bakgrunnen for initiativet frå Sant’Egidio.