Ordførar Wenche Tislevoll og Harry Herstad signerer avtale om kommunesamanslåging

Namnet på den nye kommunen skal vera «Stord», slik namnet er på øya som dei to kommunane i dag deler. Felles kommunevåpen og –flagg skal utarbeidast, som skal stå fram som samlande for den nye kommunen. Den vert lagt opp til at den nye kommunen vert ein realitet frå 1. januar 2019.

Lokal og region senter

I den nye kommunen vert Leirvik regionsenteret, kommunesenteret og byen, medan tettstaden Fitjar vert definert som lokalsenter. Fitjar lokalsenter skal ha kommunale tenester som offentleg servicekontor, helsesenter med fastlege og helsestasjon, og folkebibliotek. Det skal arbeidast for at Fitjar skal ha tenester som «Post i butikk», bank, lensmannskontor, Nav-kontor, tannlege og handelsverksemd. Dei fleste kommunale arbeidsplassane er knytt til lokale tenester, og vil ikkje bli flytta i samband med reforma, men sentraladministrasjon vert samla i rådhuset i Leirvik.

Lokaldemokrati

Når det gjeld lokaldemokratiet skal kommunen organiserast med hovudutval for dei største tenesteområda. I tillegg skal det opprettast eit fast utval – Fitjar lokalstyre – med eit fastsett politisk ansvar for frivillig arbeid, kultur, idrett og lokal utvikling for Fitjar. Desse møta skal som hovudregel haldast i Fitjar. Dei politiske partia har eit særskilt ansvar for å sikre at dei geografiske delane av kommunen vert representert i lokaldemokratiet.

Ingen vert sagt opp

Det vert lagt opp til at den nye kommunen vil ha desentraliserte tenester av minst like god kvalitet som i dag. Det vert ingen endringar i skulestrukturen, og vert ingen nedlegging av sjukeheimsplassar. Ingen tilsette i kommunane skal seiast opp som følgje av samanslåinga.

Lang prosess

Ordførar i Stord kommune, Harry Herstad (Ap), er svært glad for at avtalen vart landa etter ein lang prosess.

- Men me kom i land langt ut på onsdagskvelden etter ein 6-7 timars innsats og vart samde om dei viktige detaljane. Me har klart oss utan advokatar, men med god hjelp frå rådmennene. Me har blitt betre kjend og det har blitt utvikla seg gjensidig tillit til at vi skulle skape ein ny kommune.

Herstad fortel at det var detaljane om inntektene frå Fitjar vindmøllepark som var blant det mest krevjande å få på plass. I følgje avtala vil Fitjar ha råderett over eit fond frå vindmølleparken som vil bli nyttast til samfunnsutvikling i Fitjar, som vil bli disponert av Fitjar lokalstyre.

- Har du tru på at dette vert eit lukkeleg ekteskap?

- Ja, eg har tru på det. Men it takes two to tango - begge samlingspartnarane må vere innstilt på at dette går bra. Me vil få nye folk i vårt felles kommunestyre. Me vil få ei naturleg eining på planlegge ut frå, ikkje ein øy delt av ein kunstig kommunegrense. Det vil føre til ein heilskapleg utvikling. Det betyr at Fitjar må vera trygg på at mykje av tenestene framleis vil vera i Fitjar. Slik vert det i minst 12 år, for avtalen har tre periodar bindingstid.

- Den nye kommunen får fleire skular, fleire eldre, fleire arbeidsplassar og større skatteinntekter. Me tapa mindre på å slå oss saman enn me ville gjort med det nye inntektsystemet. Dette er eit grep på å sikre at me held oss i ein god posisjon for framtida, seier Herstad, som tidlegare har jobba som rådmann i både Stord og Fitjar.

Vert sterkar utviklingsaktør

Herstad trekkjer fram at eit av måla ved reforma er at kommunen vert ein sterkare utviklingsaktør i samfunnet. Som eit døme på dette trekkjer han fram korleis verksemda Kværner Stord vil ha behov for ein større utskipingsplass nord på Stord-øya når brua over Langenuen kjem på plass. Ved å ha ein felles kommune vert slike prosessar lettare å få til.

Også Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H) er nøgd med å få avtalen på plass.

- Eg synst at avtalen me no har forhandla oss fram til dannar eit godt fundament for å byggja ein ny kommune. Slik eg ser det ivaretek den dei gode tenestene, og nærleiken til innbyggjarane. Den ivaretek lokaldemokratiet, og ikkje minst dei tilsette.

For Tislevoll sin del har det vore spesielt viktig å ivareta Fitjar sin interesse rundt ny E39 og skulebruksplanen, spesielt i høve til Fitjar vidaregåande skule. At det vert etablert eit lokalstyre for Fitjar ser ho på som ein særs viktig del av avtalen.

- Eg har tru på at dette vert ein bra prosess. Men dette er berre byrjinga, det er mykje arbeid som no ligg føre, seier Tislevoll.

Avtalen skal til politisk handsaming og folkerøysing

No vil avtalen bli sendt til formannskapa og kommunestyra i dei to kommunane for godkjenning, før det vert halde felles folkerøysting i Stord og Fitjar 25. april. Dersom innbyggjarane svarar ja, vil den nye kommunen bli ein realitet frå 1. januar 2019, då det vil bli etablert eit interimstyre før kommunevalet hausten 2019. I dette interimstyret vil Harry Herstad vera ordførar og Wenche Tislevoll varaordførar.

Her kan du lesa heile avtalen.

Bilete: Ordførarane Wenche Tislevoll og Harry Herstad.
Foto: Preben Gangaas.