– Dette er gledeleg nytt, seier Stord-ordførar Harry Herstad.

Torsdag føremiddag la Regjeringa fram Helseplanen, der det vart slått fast at akuttkirurgien ved blant anna Stord sjukehus ikkje vert lagt ned i denne runden, i likeins med sjukehusa i Narvik, Lofoten, Volda og Flekkefjord.

- Dette er gledelege nytt, sjølv om eg ville ha sett eit endå større forlik. Det er ein brei base for desse synspunkta på Stortinget, seier Stord-ordførar Harry Herstad.

Ordføraren gir ros til den breie koalisjonen av politikarar, sjukehustilsette og næringsliv på Stord som har stått på for å hindre at Stord sjukehus får eit svekka tilbod.

- Frå Stord si side er eg veldig glad for det breie politiske engasjementet og det vedvarande presset som er lagt inn i denne saka. Dei har vore ein spydspiss i denne aksjonen som har medført at Regjeringa har vert nøydd til å modifisera planen.

Samtidig slår Herstad fast at dette ikkje er eit endeleg vedtak, og at kampen for å bevara Stord sjukehus må halda fram.

- Akuttkirurgien er ikkje endeleg vedteke, men har overlevd denne runden. Det må me vera veldig nøgd med.