På nettsida til Comalapa kommune går det mellom anna fram at 24 hus er heilt øydelagte, mange hus er skadde, mange grender er utan vatn og veg, mange har mista avlingane sine, mange er evakuerte frå heimane sine, mange hus er i faresonen og ei bru er øydelagt.

Umogleg å ta seg fram

Administrasjons- og miljøsjef Arturo García fortel at 80 prosent av vegane på landsbygda i kommunen er øydelagde.

– Det er ikkje mogleg å koma fram til dei ulike grendene. No har me jobba i mange dagar, men tonnevis med jord forårsaka av jordras over vegane representerer ei vanskeleg oppgave.

Problem med drikkevatn

Et anna alvorleg problem han peikar på er vasstilførsla. Drikkevatnsystemet i Comalapa sentrum vart skadd  ved inntaket, og det vil ta minst tre til seks månader å reparera det. Dette har ført til at innbyggjerne for ein stor del ikkje har vatn.

Ordførar Javier Bal er særleg uroa over vassproblemet då det kan føra med seg utbrot av sjukdom.

Råkar kommuneøkonomien

– Denne katastrofen råkar kommunen sin økonomi dramatisk på grunn av tap av innhausting i jordbruket og øydelegging av infrastruktur. Nokre skular er det ikke mogleg å koma fram til. Men først og fremst jobbar me for å få kommunen til å fungera igjen, seier administrasjons- og miljøsjef García.

www.municomalapa.com finst lister (på spansk) over øydeleggingane i dei ulike grendene, samt mange bilde som illustrerer omfanget av skadane. (NB! feil på sida gjera at ein må scrolla nedover for å sjå innhaldet.)