Stord kommune deltok med 21 lag i aksjonen der målet var minst 30 minutt fysisk aktivitet dagleg. Rådmannen sitt lag, SK-strategisk leiing, måtte sjå seg slått av vinnarlaget med knappe 30 minutt i snitt. 

I løpet av aksjonsperioden frå 4. mai til 30. juni hadde SK-På tvers sykla og gått til 4129 minutt i snitt. Dette gav ein flott 17. plass blant kommunelag i heile landet, og 172. plass blant alle dei 1643 laga som deltok totalt i aksjonen.

Eit godt eksempel

Med på laget SK-På tvers var leiarar innan helsesektoren i kommunen.

– Dette har inspirert til å røra meir på oss, og sidan me er einingsleiarar er det jo bra om me kan gå føre med eit godt eksempel, seier Annlaug Tenold,  einingsleiar Område Sagvåg.

Av medlemmane på vinnarlaget var det Astrid Larsen som sykla lengst med 6040 minutt.

Ny aksjon til hausten 

Stord kommune har i samband med påmelding til sykle til Jobben meldt seg inn i Norges Bedriftsidrettsforbund, og er allereie til hausten klar for ny aksjon.

I Aksjon Aktiv med Jobben er det 7000 som er det magiske talet. Då er det på med skritteljaren, og ut og gå minst 7000 skritt om dagen.

Medlemmane på vinnarlaget SK-På tvers:

Astrid Larsen,  einingsleiar Aktivitet og re/habililtering
Line Stenerud, einingsleiar Kundetorget
Siren Eldøy Hinderaker, kommunal Nav-leiar
Annlaug Tenold,  einingsleiar Område Sagvåg
Lars Helge Sørheim, kommunelege (ikkje med på bildet)

Bildet: Rådmannen har delt ut solbriller til vinnarlaget. Lars Helge Sørheim var ikkje til stades på den lokale premieutdelinga.