13 framsyningar, nyvinning og dans

Denne scenekunstfestivalen samlar unge amatørgrupper frå heile regionen, og er eit av høgdepunkta både for dei tilreisande og dei lokale gruppene. 13 ulike teaterstykke blei vist i løpet av helga, i tillegg til andre kjekke aktivitetar frå morgon til kveld. 

Det var ei fantastisk stemning under framsyningane, der deltakarane er usedvanleg flinke til å heia kvarandre fram. Ei nyvinning var festivalen sin versjon av Norske talenter, kalla Spontane talenter. Her dukka det opp mange festlege innslag på sparket, leia av dyktige ungdommar frå Stord teaterlag. Laurdag kveld rista heile kulturhuset når Trio Tröbbel sette i gong sitt unike DJ-show. 

DJ-show for deltakarane på kvelden, ved Trio Tröbbel. Foto: Trond L. Onarheim

Gode medarrangørar og samarbeidspartnarar

Eining for kultur arrangerer festivalen saman med Stord teaterlag som stilte med ein suveren dugnadsgjeng som stod på natt og dag. Ein stor takk til Stord teaterlag og alle foreldra der som gjer det mogleg å laga til ei slik flott oppleving for barn og ungdom. 

Eining for kultur vil òg takka dei andre samarbeidspartnarane under festivalen: Scenesjef Terje Raunholm; Kystvind lyd ved Wolfgang og Jostein; Trio Tröbbel for DJ-ing; Stine Revheim Rellingen og Småsceneri for workshop; Odd Fellows Stord som stiller med vaktlag heile helga; Leirvik skule som stiller med overnattingslokale; Urt & Ugras, Pizzabakeren og Rema 100 Bjelland som leverer mat; og Stord kulturhus som husar festivalen. 

Festivalen takkar Vestland fylkeskommune for driftstilskot, og ser vilt fram til å arrangera ein ny festival 4. – 6. april 2025, som blir 40-årsjubileet til Teaterfestivalen!

Unge skodespelarar på scena under årets festival. Foto: Trond L. Onarheim

Aktørane som var med i 2024 var:

  • Stord teaterlag med Alice i Eventyrland
  • Spinae Company med Englekupp
  • Spinae Company med Generasjon skoskei
  • Bukkene Bruse/ Haugesund barne- og ungdomsteater med Robin Hood Redder England
  • Askøy ungdomslag gruppe 2 med Honningdoggduellen
  • Askøy ungdomslag gruppe 3 med Over Hekken med Tornerose
  • Ny Krohnborg med Mumle Gåsegg
  • Haugatun mellomgruppe med Hotell
  • Haugatun ungdomsgruppe med Lik meg
  • Gjøglerne/ Haugesund barne- og ungdomsteater med Gjøglerne lager musikal
  • Åsane ungdomslag mellomgruppe med Fårikål
  • Åsane ungdomsgruppe med Fruenes flue
  • Global teater med Peer Gynt på ferie
  • Nordavind/ Haugesund barne- og ungdomsteater