Fylkesmannen i Hordaland opna tilsynssak for å granska barnevernet si handtering av saka i forkant av hendinga 10. oktober 2013, då eit barn i fosterheim vart drepe av fosterbroren sin.

Fylkesmannen har innhenta fråsegn og dokumentasjon om saka frå Bergen kommune ved Laksevåg barnevernsteneste, Sunnhordland interkommunale barnevern (SIB), Bufetat og Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Grunnlag for godkjenning

Tilsynssaka er no avslutta, og Fylkesmannen meiner godkjenninga, oppfølginga av og tilsynet med fosterheimen var forsvarleg. Vidare skriv Fylkesmannen i avsluttingsrapporten at barnevernstenestene ikkje kan kritiserast for at dei ikkje fanga opp at fosterfamilien hadde ein son som kunne kome til å skade fosterbroren sin. Fylkesmannen er einig i at barnevernstenesta hadde grunnlag for å godkjenne fosterheimen.

Fylkesmannen si vurdering er at SIB på ein god måte har utført sine pliktar som ansvarleg for tilsynet med fosterheimen. Kommunalsjef i Stord kommune, Mariann Jacobsen Hilt og leiar i SIB, Trine Hjertholm, er letta over konklusjonen.

- I etterkant av ei slik tragisk hending vil og skal ein alltid vurdera om ein kunne gjort noko på andre måtar, eller teke andre vurderingar. SIB var i denne saka trygg på at ein hadde hatt tilsyn med fosterheimen i tråd meg gjeldande reglar. Når det blir oppretta tilsyn vil det likevel vera ei spenning knytt til om dei vil kome til andre konklusjonar enn oss, og me er no letta over at Fylkesmannen seier at SIB utførte sine plikter etter lova på ein god måte og at barnevernstenesta ikkje kan bebreidast, sjølv om dette ikkje endrar alvoret i saka.

Kommunalsjefen har i dag vore i samtale med fosterfamilien i høve tilsynsrapporta frå Fylkesmannen i Hordaland.

- Me ynskjer å påpeika at me har hatt tillit til fosterfamilien og at samarbeidet med fosterheimen har vore godt, noko fostermor også bekreftar i samtale i dag, seier Jacobsen Hilt.

Har avslutta utgreiinga

Utgreiinga av 13-åringen som utførte handlinga er avslutta.

- Vidareoppfølginga av ungdomen omfattar eit heildøgnstilbod innanfor spesialisthelsetenesta, og består av eit omsorgs- og oppfølgingstilbod utanfor Stord med ein varigheit over fleire år. Stord kommune og foreldra til 13-åringen er einige om at dette tilbodet er riktig tiltak som vil dekkja det behovet av oppfølging som han treng no, seier kommunalsjef Jacobsen Hilt.

Les heile tilsynsrapporten på heimesida til Fylkesmannen i Hordaland.