Høgskulen i Sør -Trøndelag og Skrivesenteret fekk midlar frå Norsk Forskingsråd for finna ut kva ein kan forventa av skrivekompetanse hos elevar på ulike trinn i utdanningssystemet.
Prosjektet fekk namnet "Normprosjektet", og handlar mykje om vurdering av skriving som grunnleggjande ferdigheit i skulen.

150 skular i Norge vart inviterte med i prosjektet. Frå Stord vart Sagvåg skule og Tjødnalio skule inviterte. Professor Synnøve Matre, frå Høgskulen I Sør Trøndelag har leia prosjektet som varte til 2014.

- Me vart veldig stolte då me vart spurde om å ta del i prosjektet, seier rektor Sigrid Røsseland.

Heile personalet har fått kurs av svært kompetente fagfolk frå høgskulen i Sør -Trøndelag. Det har vore utviklande for personalet, og elevane våre er blitt flinke skrivarar.

Sjølv om prosjektfasen er over, arbeider personalet vidare med å utvikla elevane sin skrivekompetanse med utgangspunkt i kunnskapen frå Normprosjektet.
Det kan nemnast at 3 av lærarane våre no er med i det nasjonale vurderer panelet innan skriving.

Her kan du lesa oppslaget i Aftenposten Junior, og skriveprosjektet på 5. trinnet.