Meiningsmålingsbyrået Opinion har på vegner av Stord kommune utført ein spørjeundersøking om kommunesamanslåing. Det er 500 respondentar busett i Stord kommune som har svart på undersøkinga.

Det er tydeleg at det er eit stort fleirtal på Stord for å slå seg saman med Fitjar kommune. 64 prosent av dei spurte ønskjer ei samanslåing, medan 18 prosent er i mot. Dei resterande 18 prosentane svarar «veit ikkje».

Det er tydelege kjønnsforskjellar mellom kvinner og menn; der 71 prosent av menn ønskjer samanslåing, er talet for kvinner berre 57 prosent. Interessant er også forskjellane mellom den ulike aldersgruppane; dei unge (16-29 år) er mykje meir skeptiske til ein samanslåing, med 32 prosent som er i mot, enn blant middelaldrande (45-59 år), der berre 9 prosent er i mot.

Vil spara pengar

Det er også spurt om kva mål som er viktigast for kommunesamanslåinga. Her scorar «ein meir kostnadseffektiv kommunal drift» klart høgst, der 56 prosent framhevar dette som eit av dei viktigaste måla. Respondentane har også vurdert «auka kvalitet på dei kommunale tenestene» (48 prosent) og «betre nærings- og samfunnsutvikling» (40 prosent) som viktige mål. Men når det gjeld betring av lokaldemokratiet svarar berre 24 prosent at dette er eit viktig mål for kommunesamanslåinga.

Vidare er det spurt om ein trur dei ulike kommunale oppgåvene vil ha betre kvalitet etter kommunesamanslåinga. Her er svara positive på alle felta, der dei spurte trur spesielt næringsutvikling, økonomistyring og tilbod innan kultur, idrett og fritid vil ha betre kvalitet enn i dag. Men også her ser ein skepsis i høve til lokaldemokratiet, der «gi innbyggjarane høve til å påverka utviklinga i kommunen» får relativt dårleg score.

Ønskjer Bømlo med på laget

Som kjent er det no berre Stord og Fitjar som har inngått avtale om kommunesamanslåing. Likevel er det spurt om korleis innbyggjarane stiller seg til samanslåing med andre kommunar i regionen. Her syner Bømlo seg som ein svært attraktiv partnar, der 56 prosent av dei spurte ønskjer at Bømlo skal vera med i ein ny storkommune. For Tysnes er talet 31 prosent, Sveio 17 prosent, Austevoll 13 prosent, Kvinnherad 14 prosent. Også her er det ein klar overvekt med menn som er for samanslåing med andre kommunar.

Stord-ordførar Harry Herstad (Ap) er nøgd med tilbakemeldingane i undersøkinga.

- Dette var ein spennande tilbakemelding frå innbyggjarane våre. Eg vil takka dei for gode og klare svar, og er glad for at signalet er så tydeleg der to tredjedelar er for samanslåing. Samtidig forstår og respekterer eg tvilarane og dei som ikkje ønskjer dette.

Ungdom mest skeptiske

Herstad seier seg overraska over at ein så stor del av unge er skeptiske til samanslåing, der ein i andre kommunar gjerne ser at ungdom er dei mest endringsvennlege.

- Eg vart faktisk overraska over dette. Eg trur det kan vera knytt til ei spesielt politisk møte på Stord vidaregåande, der sentrale politikarar i Oslo framstilte dette nærast som eit pålegg. Det løner seg aldri å møte unge folk med tvang, så dette trur eg kan vera deler av forklaringa.

At Bømlo syner seg som attraktiv for stordabuen er Herstad glad for å sjå.

- Det er veldig bra at mange peiker på Bømlo som ein ideell partnar, det er er noko eg seier meg einig i. Hadde me fått dei med på laget ville me heilt klart stått endå sterkare. Eg vil oppmode bømlingane til å ta ein kikk på denne undersøkinga der dei vil sjå kor attraktive dei er for stordabuen.

Spørjeundersøkinga har ingen påverknad i høve folkerøystinga som skal skje i 25. april.

Her kan du lesa heile undersøkjinga

Sjå elles www.Nyefitjarstord.no