Tommy Johansen er frå Bergen. Han er utdanna frå Universitetet i Bergen med ein cand. mag. innan administrasjon og organisasjonsvitskap, informasjonsvitskap og sosialøkonomi. I 2017 tok han master i styring og leiing ved Høgskulen i Oslo og Akershus. Han har her fag innan strategisk leiing, leiarskap og økonomistyring i offentleg sektor og arbeidsrettslege perspektiv i endringsprosessar. Masteroppgåva hadde merksemd på korleis metodar som LEAN og kontinuerleg forbetring påverkar resultatutviklinga i NAV. 

Han har mange års erfaring som toppleiar, hovudsakleg knytt til offentleg sektor. Han har vore i Bergen kommune dei siste 4,5 åra, der 4 av disse var som kommunaldirektør for Byrådsavdeling for barnevern og sosiale tenester. Han har til saman over 16 år i NAV der han dei siste 8 åra var assisterande fylkesdirektør. I to år var han også direktør for Entreprenørforeningen – bygg og anlegg. 

Etter ein spanande prosess gler eg meg veldig til å ta fatt på oppgåva som ligg føre meg. Eg ser fram til å arbeida saman med kompetente kollegaer og politikarar til beste for Stord og Sunnhordlandsregionen, seier Tommy Johansen.

Kommunedirektøren er kommunen sin øvste administrative leiar. Kommunedirektøren skal sjå til at dei saker som vert lagt fram for dei folkevalde, er forsvarleg utgreia og at politiske vedtak vert sette i verk. Kommunalsjefar og leiarane i leiargruppa rapporterer til kommunedirektøren.

Dette har vore ein målretta og grundig prosess, og eg vil takka resten av tilsettingsutvalet og Human AS for godt samarbeid. Eg er trygg på at Tommy er rett mann til å leia Stord kommune framover, og er glad for at han har takka ja til jobben, seier ordførar Gaute Straume Epland. 

Dersom kommunestyret vedtek tilsettingsutvalet si innstilling, vil Johansen tiltre stillinga 21. august 2023.