Kvar gruppe utarbeida sine prosjekt. Det gir ei ramme for noko barn og pedagogar kan vere saman om, og eit miljø for læring, vekselverknad og fellesskap. Dei kollektive erfaringane styrkar samhaldet i gruppa og bidreg til at nye venskap blir etablert. I prosjektarbeid blir det einskilde barn gitt høve til medverknad og til å utvide si forståing av seg  sjølv og verda rundt seg. Det handlar ikkje om at barn skal reprodusera pedagogen sin kunnskap, men om å bli gitt høve til å skapa si eiga forståing saman med andre barn og vaksne. Samspelet mellom barna er ein viktig del av læreprosessen og me må difor gjera barna viktige for kvarandre. Gjennom å vere samla rundt noko som bidreg til gode opplevingar, interesse for den andre sitt engasjement, humor, glede og samarbeid, kan barna lære av kvarandre. I prosjektarbeid utfordrar personalet  barna sine tankar og teoriar gjennom å stilla dei ovanfor problemstillingar og oppgåver som fører arbeidet og læringa vidare. Når me arbeider i prosjekt har me sett oss som mål å undersøka, få ny kunnskap og nye teoriar. Alle sine stemmer skal bli høyrt. Det er ein vekselverknad  mellom fantasi, fantasteri og vitskap. Prosjektarbeid blir dokumentert og reflektert rundt, både av barn og vaksne.  Refleksjon skal føra til auka kunnskap og dugleikar hjå barnet. Dokumentasjonen skal hjelpa pedagogen til å oppdaga det einskilde barn og gruppa sin strategi for å læra, og gi barn høve til å sjå og reflektera over eiga læring.

Dinosaurar i ein vask, små hender leikar   Leik med kinderegg

Gjenbruksmateriale vert teke i bruk, og er eit viktig element i alle dei prosjekta me har i barnehagen. Eksempel er kostyme og kulisser til forestellingar me har for foreldre. Kreativitet gjer barna rusta til å møte dagens krav og evne til nytenking. Me har tilgang til gjenbruksmateriale i dei fleste rom, også ute. Gjenbruksmateriale skal vera eit supplement til anna materiell, og til leikene, både ute og inne. Alle prosjekt vert dokumentert gjennom foto, tekst, teikning, dramatisering og utstillingar i barnehagen.

Her kan du sjå dokumentasjon frå prosjektet om verdensrommet