Trude Aamot er adjunkt med opprykk, og har videreutdanning i leiing utover det. Aamot har hatt sine fleste yrkesaktive år ved Nysæter ungdomsskule, frå 1988 til 2016, med nokre avbrot innimellom. Ho har jobba både som lærar og assisterande rektor der, før ho vart rektor i 2011, og var det til 2016.

Eg fekk veldig lyst til å returnera til den skulen eg har jobba lengst ved, og eg er klar for å ta på meg eit leiaransvar igjen. Det er eit fantastisk skule og -kulturbygg, og eg likar nye utfordringar. No har eg jobba som kontaktlærar ved Stord ungdomsskule i 5 år, og har hatt kjekke og lærerike år her. Eg trur eg vil ha med meg verdfull erfaring frå desse åra som eg vil ha nytte av i rektorjobben, seier Trude Aamot.


Kva gledar du deg til i nye (gamle) jobben? 

Eg gler meg til å møta personalet og saman med dei byggja videre på det gode arbeidet deira.  Og så gler eg meg til å møta alle elevane og bli kjent med dei.  Å driva ein god skule er eit stort samarbeidsprosjekt, der me må få alle gode krefter til å dra i same retning. Då må me også ha foreldre og føresette med på laget. At skulen også er eit kulturbygg gjer at eg kjem til å samarbeida med lokale lag og organisasjonar, noko eg trur vil gjera rektorjobben endå meir variert og spanande, fortsett Aamot.


Aamot likar godt både å vera lærar og leiar. Ho trivest med å samarbeida med andre, og å utvikla det dei er blitt einige om i fellesskap. 

Eg likar meg veldig godt i lag med elevane, og synest det er svært givande å følgja utviklinga deira desse viktige ungdomsskuleåra. Det kan vera krevande å vera rektor, det veit eg alt om, men det er også ein svært givande jobb. Eg er sikker på at eg kjem til ein skule der det er mykje godt å byggja på, og slik eg har oppfatta det får Anne Beate Sunde og eg ei tid der me overlappar kvarandre. Det blir bra, eg gler meg veldig!, avsluttar Aamot.

Trude Aamot tiltrer stillinga 3. september 2023. Me ønskjer ho lykke til som rektor att.