Ordførar og ungdomsrådsrepresentantar med sjekken på 300 000 kroner.

– Det var fantastisk stort å stå framfor ein fullsett sal med ungdommar og ta i mot prisen i lag med representantar frå ungdomsrådet, utekontakt og Slt-koordinator, seier ein stolt og rørt ordførar Liv Kari Eskeland.

– Denne prisen bekreftar så til dei grader at det arbeidet som vert gjort for barn og unge på Stord er så bra og målretta at me faktisk stakk av med førsteprisen. Det vert jobba fantastisk godt med dette ute i felten, og i tillegg er det brei politisk semje om det. At arbeidet som vert gjort er viktig har Stord kommune no fått ei stadfesting på, legg Eskeland til.

Stord har utmerka seg

Helse- og omsorgsdepartementet trekkjer fram at Stord Kommune har utmerka seg gjennom å involvera barn og unge i eit heilskapleg rusførebyggjande arbeid. Ungdomsrådet i Stord har engasjert seg i mobbeførebyggjande arbeid og utviding av Helsestasjon for Ungdom. 

300 000 kroner

Ungdommens førebyggingspris 2010 er på 300 000 kroner og vart delt ut i samband med den nasjonale førebyggingskonferansen "Sammen i Drammen".

Stord kommune er sterkt representert på konferansen med SLT-koordinator Terje Eriksen, leiar Anna Aas Lindahl og nestleiar Stine Nordanger Brandsdal i  Stord ungdomsråd, John Henrik Staveland-Sæter og  Cecilie Berger frå Utekontakten.

Delegasjonen frå Stord ventar på prisutdelinga.

Ein klar prisvinnar

Av totalt elleve forslag vart tre kommunar nominert. I kåringa såg juryen på Stord kommune som ein klar prisvinnar.

– Kommunen sine tiltak favnar breidt, og dekkjer blant anna særskilt oppfølging av gravide, med tanke på tidlig intervensjon og oppfølging av mor og barn. Innhaldet i kommuneplanen viser at barn og unge blir tatt på alvor; her er det ei målsetjing om å utvikla barne- og ungdomstalent, som også ser ut til å bli følgt opp i praksis gjennom styringsgruppa for oppvekst i kommunen, heiter det i juryen si grunngjeving.

Juryen i 2010 var sett saman av eitt medlem frå Sentralt ungdomsråd i Oslo (SUR), eitt medlem frå MA-ungdom, avdelingssjef for Fritids- og ungdomsavdelinga i Skedsmo kommune, forbundsleiar i Juvente og eitt medlem frå barn og unges kommunestyre i Skedsmo.

Les Stord kommune sin søknad til Ungdommens førebyggingspris 2010

Bildet

Øvst: Ordførar Liv Kari Eskeland og ungdomsrådsrepresentantane Anna Aas Lindahl og Stine Nordanger Brandsdal med sjekken på 300 000 kroner.  
Nedst:
Framme frå venstre: SLT-koordinator Terje Eriksen, leiar Anna Aas Lindahl og nestleiar Stine Nordanger Brandsdal i  Stord ungdomsråd, ordførar Liv Kari Eskeland. Bak: John Henrik Staveland-Sæter og  Cecilie Berger frå Utekontakten.