Aud Sletteland SoleimPå programmet var blant anna foredrag med rektor ved Skei skule i Jørsten kommune, Aud Sletteland Soleim. Ho delte med seg av dei erfaringane som Skei skule har gjort seg i arbeidet med strategien. Skulen blei med som pilotskule våren 2012, og rektoren fortel at dei sit igjen med ein god erfaring så langt inn i satsinga.

- Me har hatt fokus på lærarane, og kva dei opplev som viktig å få på plass for god undervisning. Tilbakemeldingane frå lærarane er at dei gjennom satsinga får god oppfølging, hjelp der skoen klemmer og at dei blir sett, fortel Sletteland Soleim.

Stord med i fyrste pulje

Ungdomsskulesatsinga er ein del av den nasjonale strategien «Kompetanse for kvalitet», som fokuserer på ein varig satsing på vidareutdanning for lærarar. Strategien er utarbeida i samarbeid med lærarorganisasjonane, KS og Nasjonalt råd for lærarutdanning.

Ungdomsskulane i Stord kommune høyrer til fyrste pulje i den nasjonale satsinga. Frå Hordaland er 23 skular med ungdomstrinn fordelt på 12 kommunar og fem private skular med på Ungdomstrinnssatsinga i same pulje. På landsbasis er heile 250 skular med ungdomstrinn med i satsinga.