Råd om vaksinering

Helsetenesta rår difor til at personar som har hatt nærkontakt med ein person som er kusmasmitta, får påfyllingsdose med MMR vaksine. Det same gjeld dei som berre har fått 1 dose eller andre som ikkje er fullvaksinerte. MMR vaksine inneheld vern mot kusma. Denne går inn i barnevaksinasjonsprogrammet frå 15 mnd. og med siste dose i 11-års alder (6. klasse). Vaksineeffekten fell over tid.

Nærdråpesmitte

Smitte med kusmavirus gjev til vanleg febersjukdom med hovne spyttkjertlar. Det er ikkje medikamentell behandling for sjukdommen. Hjå nokre menn kan det koma komplikasjon med betennelse i testiklar. Dette kan føra til redusert formeiringsevne.

Viruset smittar ved nærdråpesmitte gjennom tett kontakt. Dette er å vera i same husstand, partnarar eller mykje nær kontakt med ein som er sjuk. Personen vert rekna som smitteførande 1 veke før og 1 veke etter spyttkjertlane er hovne.

Ta kontakt med vaksinasjonskontoret

Ta kontakt på telefon 53 49 69 85 for å avtala tid for vaksinasjon.

Fastlegar kan og hjelpa til med å skaffa og få sett vaksine. Vaksinen er gratis, men det kan vera ein liten kostnad med å få sett den avhengig av kvar det vert utført.

Dei som trur dei kan vera kusmasjuke, bør kontakta lege for diagnostisering, registrering og råd om oppfølging.