Det finnes heldigvis effektive måtar å bekjempa brunsnigelen på, og spesielt effektivt vert det når fleire går saman - for eksempel naboar i eit nabolag.
Den enkelte hageeigar er den viktigaste aktøren i sniglebekjempinga. Det er viktig å starta med ein gong sniglane byrjar å kome fram om våren, og fortsetje jamleg fram mot hausten.

Eksempler på tiltak:

  • Lag barrierar: sniglegjerde, kaffegrut, flis, kalk, aske, tang og hønsegjødsel er eksempel på barrierar singelen ikkje likar.
  • Vern om brunsnigelens naturlege fiendar: frosk, padder og fuglar er nokon av desse.
  • Sjå etter snigleegg: sjekk all jord og planter du kjøper, og hell kokande vatn over egg som du finn.
  • Sett ut "sniglefeller": øl, snigleåte, bananskal, hunde- og kattemat. Det er viktig å tømme fellene ofte.
  • Hagebed og hagearbeid: bruk grus og bark i plantefelt, slik at sniglane må bevege seg over større felt med opne område, det trivst dei dårleg med. Bearbeid bed i tørt vær slik at sniglane tørker ut i sola.
  • Plukk sniglar frå tidleg vår. Det er anbefalt å klippe de i to. Dette er den mest humane måten å avlive sniglane på. Ikkje bruk salt eller salmiakk. 

Snegler som skadedyr - Nibio