Stord lufthamn presenterte i slutten av mars ein rapport som konkluderer med at lufthamna har kapasitet til  å ta i mot større trafikk. Med bakgrunn i konklusjonen i denne rapporten har administrasjonen i Stord kommune valt å gå vidare med saka, og har difor vore i møte med Hordaland fylkeskommune.

Neste steg vert å ta kontakt med Bergen kommune, og dersom dei får positiv respons frå Bergen, er planen å gjennomføra ei utgreiing for å sjå kva konsekvensar helikoptertrafikk kan få for Stord.

Få på plass støysonekart

- Det er fleire sider av saka me må sjå nærmare på, mellom anna innfykingskorridorar, samt få på plass støysonekart for å kartleggja støyproblematikken, fortel ordførar Liv Kari Eskeland, som ikkje trur saka vert politisk behandla før ein har resultata frå ei slik utgreiing på plass.

Stord kommune eig 79 prosent av Stord lufthamn, mens Hordaland fylkeskommune eig resterande 21 prosent.