Bakgrunnen for møtet i Haugesund rådhus 13. januar, var eit felles ynskje om eit nærare samarbeid, og igangsetting og oppfølging av samarbeidsprosjekt.

I tillegg til rådmennene Odd Henry Dahle (Haugesund)  og Magnus Mjør var kommunalsjefar og representantar frå brann, barnevern og kultur tilstades. 

Brannvern og barnevern

Dei to brannsjefane såg eit potensiale først og fremst når det gjeld administrativt og førebyggjande arbeid. Eit interkommunalt selskap som organisasjonsform var også eit tema dei  ville diskutera vidare.

Når det gjeld barnevernet, har Haugesund kommune ei godt etablert barnevernvakt. Her ser ein for seg eit samarbeid mellom Sunnhordland interkommunale barnevern (Stord-Fitar-Bømlo) og Haugesund kommune. Dette skal utgreiast vidare.  

Kulturkort for studentar

Felles kulturkort for studentar ved HSH, gjeldande både i Haugesund og Stord, er ei sak initiert av Studiebyutvalet. Her kom ein fram til at det tre forhold som treng nærare utgreiing:

  • Innhald – ein ser det som ein føresetnad at kortet vil omfatta både kommunale og private tilbod
  • Økonomi – både rabattordningar og driftskostnader
  • Administrasjon av ordningane

Ein konkluderte med at det må etablerast ei arbeidsgruppe for å definera prosjektet der også Studentsamskipnaden er representert. Rådmennene vil ta saka vidare på neste møte i Studiebyutvalet.