Søk om avkøyrsle

Avkøyrsle frå offentleg veg må berre byggast eller nyttast slik den er regulert i arealplan etter plan- og bygningsloven. 

Viss det ikkje ligg føre arealplan, eller planen ikkje omfattar avkøyrsle, må avkøyrsle frå offentleg veg ikkje byggast eller nyttast utan løyve frå vegstyremakta. Viss du skal bygge ny avkøyrsle, flytte avkøyrsla eller endra eller utvida bruk av avkøyrsla må du sende inn søknad til vegmynde. Kommunen, fylkeskommunen og statens vegvesen nyttar same søknadsteneste via vegvesenet sine heimesider.

Du må undersøkja med bygningsmynde om avkøyrsla i tillegg er søknadspliktig etter plan- og bygningslova.

Lov om vegar (veglova) - Lovdata

Søk om avkjørsel | Statens vegvesen

 

Krav til søknaden

Kommunen stiller krav til utforming av avkøyrsla for å ivareta trafikktryggleiken. Kva krav som gjeld vil variere ut i frå m.a. fartsgrensa og vegtype på tilknytingsvegen, trafikkmengda i avkøyrsla og dimensjonerande køyretøy. Når du planlegg avkøyrsla må du tenke på m.a. sikt, geometri, stigningsforhold, breidde, drenering og at det er nok plass til å snu på eigen eigedom. 

Du må legge ved ein situasjonsplan for eigedomen som viser m.a.:

  • Bygningar, murar og eventuelle sikthindringar
  • Plassering av avkøyrsle med tilknyting til offentleg veg
  • Breidde på avkøyrsla og svingradius
  • Lengdeprofil som viser avkøyrsla si stigning
  • Målsett frisiktsoner
  • Moglegheit til å snu på eigen eigedom 
  • Eventuelle biloppstillingsplassar

Krav til bygging og vedlikehald av avkøyrslar går fram her:

Forskrift om alminnelige regler om bygging og vedlikehold av avkjørsler fra offentlig veg - Lovdata

Krav til avkøyrsler går fram N100 Veg- og gateutforming kap. 4.1.4:

N100:2022 | Viewer (vegvesen.no)

Kven handsamar søknaden?

Ein søknad om avkøyrsle blir handsama av anten Statens vegvesen, fylkeskommunen eller kommunen.

  • Statens vegvesen handsamar søknader om avkøyrsle frå riksvegar.
  • Fylkeskommunen handsamar søknader om avkøyrsel frå fylkesvegar.
  • Kommunen handsamar søknader om avkøyrsel frå kommunale vegar.
  • Kommunen handsamar alle søknader når vegen det vert søkt om avkøyrsel frå inngår i reguleringsplan.

Søk om dispensasjon frå byggegrense

Du må senda inn søknad om dispensasjon frå byggegrense viss du skal bygge noko innanfor byggegrensa mot ein offentleg veg eller gang- og sykkelveg.

Veglova § 29 Lov om vegar (veglova) - Lovdata

Send inn søknad om dispensasjon fra byggegrenser | Statens vegvesen

Kven handsamar søknaden min?

Når søknaden er sendt inn, får du ein stadfesting på at søknaden er registrert, og om det er Statens vegvesen, fylkeskommunen eller kommunen som behandler søknaden.

Når får eg svar på søknaden min?

Søknad om avkøyrsle eller dispensasjon frå byggegrensa etter veglova skal normalt vere handsama innan ein månad. Viss søknaden ikkje kan handsamast innan ein månad etter at den er motteke, vil du få eit førebels svar som seier når du kan forvente vedtak i saka.

Når byggegrensa er fastsett i reguleringsplan eller kommuneplanens arealdel blir søknad om dispensasjon frå byggegrenser handsama etter plan- og bygningslov av kommunen. Kommunens saksbehandlingsfrist er 12 veker frå kommunen mottek ein komplett søknad. Viss kommunen må sende saka på høyring til andre mynde, vert fristen utvida med 4 veker.

Klage

Fristen for å klage er 3 veker frå du fekk vite om vedtaket. Klaga sendes til den instansen som har fatta vedtaket. Klaga må være grunngjeven. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

For klage etter veglova er det kommunens eigen klagenemnd som er klageinstans. Før klageinstansen handsamar saka, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Viss vedtaket vert oppretthalde, går saka vidare til klageinstansen.

Klaga kan sendast til: post@stord.kommune.no