Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bygdeutviklingsmidlar

Tenesteomtale

Du kan søkje om bygdeutviklingsmidlar til:

  • etablerarstipend (oppstart av tilleggsnæring) 
  • bedriftsutvikling (vidareutvikling av tilleggsnæring) 
  • investeringar (m.a. opprusting og nyinvestering i driftsbygningar og bygningar for tilleggsnæring) 
  • generasjonsskifte (nødvendige tiltak i driftsbygningar osb. i samband med generasjonsskifte) 
  • praktikantordningar

Bygdeutviklingsmidlar, som blir sett av i jordbruksavtalen, skal leggje til rette for verdiskaping i jordbruket, desentralisert busetjing og like vilkår for kvinner og menn.

Målgruppe

Landbruksføretak og føretak som driv næringsutvikling med utgangspunkt i ressursane i landbruket.

Kriterium/vilkår

Søknaden blir vurdert ut frå dei fylkesvise retningslinene som er utarbeidde av Innovasjon Noreg.

Samarbeidspartnarar

Fylkesmannen utarbeider den regionale strategien for bygdeutviklingsmidlane. Denne strategien dannar igjen grunnlag for dei fylkesvise retningslinene som distriktskontora til Innovasjon Noreg utarbeider.

Saksbehandling

Innan ein månad etter at Innovasjon Noreg har motteke søknaden, skal søkjaren få eit mellombels svar der det går fram kven som er saksbehandlar, og kor lang saksbehandlingstid ein må rekne med.

Kommunen tek imot søknaden, vurderer han og sender han vidare til distriktskontoret til Innovasjon Noreg, som avgjer søknaden.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til distriktskontoret til Innovasjon Noreg innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom Innovasjon Noreg lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i Innovasjon Noreg, som avgjer om klagen skal takast til følgje

Tenesta oppdatert: 22.11.2023 11:46