Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Innbyggjardialog

Generelt

Innbyggjardialog / DigiHelse er digitale tenester innafor kommunal helse og omsorg. 

DigiHelse betyr at innbyggjarar som mottek helse- og omsorgstenester og pårørande (med fullmakt) kan kommunisera med heimetenesta elektronisk. Helsenorge.no er den digitale inngang til ei samla helse og omsorgsteneste. Der får du informasjon og tenester som hjelp deg til å følgja opp eiga helse. Helsenorge.no er ein sikker kanal for å utveksle informasjon.

På helsenorge.no kan du sende og få meldingar frå helse og omsorgstenesta i kommunen. Du kan sjå avtalar om heimebesøk og du kan få varslar om utførte heimebesøk på tekstmelding eller e-post.

Dette tilbodet skal sikre at du som får tenester frå kommunen eller er pårørande

  • enklare kan ha kontakt om det som er viktig for deg
  • slepp telefonkø
  • kan skriva og lesa meldingar når og kvar det passar for deg
  • har oversikt over kva du får av hjelp og enklare kan planlegge kvardagen
  • kan gi beskjed når det er nødvendig og endre eller avbestille avtalar

Meldingane du sender på helsenorge.no kan erstatta beskjedar og spørsmål som du fram til no har gjort pr. telefon, papir eller andre måtar.

  • Når du kontaktar helse og omsorgstenesta i di kommune via helsenorge.no vil dei svare via helsenorge.no.
  • Du kan forvente å få svar første virkedag etter at du har sendt ei melding.
  • Meldingane frå deg blir berre lest av tilsette som har lov til å sjå opplysningar om deg.
  • Du vil få varsel om nye meldingar til deg på tekstmelding eller e-post, avhengig av kva du føretrekk.

 

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du må logga deg inn på helsenorge.no.

Her må du bruka bank ID eller tilsvarande når du loggar inn grunna tryggleik.

For å bruka tilbodet må du ved innlogginga  akseptera bruksvilkåra. Frå du aksepterer bruksvilkåra vil det ta ein dag før du kan bruka det nye tilbodet på helsenorge.no.

Det er og mogleg å gi andre fullmakt til å bruka tilbodet på vegne av deg. 

Her finn du fullmaktsskjema til Helsenorge. Dette kan også gjerast på helsenorge.no. Du avgjer sjølv kva personar du ynskjer å gi fullmakt til.

Opplæringsvideoar

Helsenorge.no har laga nyttige instruksjonsvideoar for bruk av helsenorge.no. Desse videoane kan brukast for å visa korleis du loggar dykk på, korleis du skriv melding, korleis du kan velja varslar og korleis du kan avbestilla time.

Slik loggar du deg inn på helsenorge.no (opplæringsvideo) (ekstern lenke)

Slik skriv du ei ny melding på helsenorge.no (opplæringsvideo) (ekstern lenke)

Slik vel du korleis helsenorge.no varslar deg (opplæringsvideo) (ekstern lenke)

Slik avbestillar du ein avtale på helsenorge.no (opplæringsvideo) (ekstern lenke)

 

Tenesta oppdatert: 28.06.2023 13:10