Markering onsdag 7. mai
Onsdag 7. mai vert det fredsføredrag i Stord bibliotek. Det er mykje uro i verda i dag og tema i føredraget er fred og konflikt, samt demokratiets levekår og tryggleikspolitikk. Føredragshaldar er Per Høyland. Per kjem frå Høyland på Stord og for tida arbeider han med internasjonalt samarbeid i verdsrommet hjå Nærings- og fiskeridepartementet og Norsk Romsenter. Per har utdanning innan fred- og konfliktstudiar, og er særleg oppteken av demokratiets levekår og tryggleikspolitikk. Per er i tillegg oldebarn av Ola Høyland som var ordførar i Stord kommune, når krigen braut ut i 1940.
Etter føredraget vert det ein samtale der ein skal snakka om fred og demokrati på lokalt nivå. Det skal mellom anna snakkast om falske nyhende og om korleis uro ute i verda skapar uro her heime i lokalsamfunnet vårt. Med i samtalen vert føredragshaldar Per Høyland, varaordførar Øyvind Kyvik, redaktør i Sunnhordland Vidar Hope, og i skrivande stund er ikkje sistemann heilt på plass. Samtalen vert leia av kultursjef Anne Lene Østvold Jordåen
Alle arrangementa er gratis og opne for alle!
Markering torsdag 8. mai
Tradisjon tru vil det bli kransnedlegging ved Stord kyrkje torsdag 8. mai, her vert det tale ved Hans Røsjorde og song ved Leirvik mannskor. Norsk reservistforbund, avdeling Sunnhordland, og Norges Veteranforbund, Sunnhordland tek også del i markeringa. Hans Røsjorde var stortingsrepresentant for Hordaland FrP i perioden 1987 – 2001, og leiar av Stortingets forsvarskomité i 12 år, frå 1989 til 2001. Mange kjenner kanskje også Røsjorde som tidlegare lektor ved Stord gymnas.
Etter markeringa utanfor Stord kyrkje vert det gratis konsert inne i kyrkja. Her vert det eit variert og fint program med Endre Olsen (song/gitar), Leirvik Mannskor, Maria Boross (fiolin), Kristoffer Steinsbø (piano), Camilla Ruhs (opplesing) samt elevar og lærarar frå Stord kulturskule og ei ukrainsk songgruppe. Varaordførar Øyvind Kyvik vert også med.