Kva er fritidskassa?

Fritidskassa er ei behovsprøvd ordning som gjev økonomisk støtte til deltakaravgift for barn og unge i alderen 5 – 24 år, og som bur i Stord kommune.  

Stord kommune har fått midlar frå Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) til Fritidskassa ut 2024. Ordninga skal årleg evaluerast og i 2024 vurderast om den skal vidareførast utover prosjektperioden.  

Målgruppe

Barn, unge og familiar som av ulike årsaker treng økonomisk støtte for at barnet/ ungdommen kan delta på éin organisert fritidsaktivitet.

Oversikt over fritidsaktivitetar og arrangement

På nettsida Aktivitet for alle finn du oversikt over både fritidsaktivitetar og komande arrangement i Bømlo, Fitjar og Stord som du kan bli med på!

Kven kan få støtte gjennom fritidskassa?

Økonomisk støtte gjennom fritidskassa er behovsprøvd. Det betyr at ordninga ikkje er for alle, men for dei barna/familiane som treng hjelp til å betala for aktiviteten til barna.

Økonomisk støtte gjennom fritidskassa er ikkje ein rett, men eit tilbod for at alle barn kan delta i éin organisert fritidsaktivitet uavhengig av foreldra si inntekt og livssituasjon.

Kva kan fritidskassa brukast til?

Fritidskassa kan brukast til deltakaravgifter i éin fast, organisert fritidsaktivitet. Det betyr at den kan brukast til å betala til dømes medlemskontingentar, treningsavgifter og andre deltakaravgifter. 

Kva aktivitetar kan ein få støtte til gjennom fritidskassa?

For at aktiviteten skal kunna utløysa bruk av fritidskassa må den vera definert som ein fast organisert fritidsaktivitet. Kriteria er at aktiviteten skal vera planlagd med eit program, ha ein leiar som styrer aktiviteten og ha minimum åtte treffpunkt i halvåret. Talet på gongar er sett for å leggja til rette for tilhøyrsle i eit fellesskap.

Korleis søkjer eg om økonomisk støtte gjennom fritidskassa?

Om du meiner at barnet ditt treng økonomisk støtte til deltakaravgift kan du senda ein førespurnad til oss gjennom skjemaet nedanfor. I skjemaet må du svara på nokre spørsmål om kva du treng økonomisk støtte til, kor mykje økonomisk støtte du treng for at barnet kan delta i aktiviteten, og kvifor du treng støtta.

Søk fritidskassa (lenke til søknadsskjema)

Kommunen vil handsama søknaden så raskt som råd og leggja til innvilga beløp på fritidskassekortet til barnet.

Kva gjer eg når eg har fått økonomisk støtte?

Dersom søknaden om støtte blir innvilga, må forelder/ føresett med same bustadadresse som barnet oppretta ein brukar i Aktiv fritid (lenke under). Det kan vera lurt å bruka telefonnummeret ditt eller e-postadressa di som brukarnamn, slik at du har eit brukarnamn du hugsar. 

Aktiv Fritid (lenke)

Klikk på "Ny bruker", og opprett ein brukar.
Barn over 13 år som har moglegheit til å logga inn med ID-porten, kan oppretta brukar sjølv. 
Når du har oppretta ein brukar i Aktiv fritid vil du få inn pengar på fritidskassekortet til barnet. Pengane fungerer som eit gåvekort og samsvarer med summen du har fått innvilga.

Når fakturaen frå lag og organisasjonar kjem, legg de inn kontonummeret og evt. KID og summen på fakturaen i Aktiv Fritid. Fakturaen blir då betalt direkte til laget/ organisasjonen av kommunen.

Kvifor finnes fritidskassa?

Fritidskassa finnes fordi barn har rett til å delta i fritidsaktivitet. Det er både politikarar, kommune og det frivillige organisasjonslivet einige om. Det er årsaka til at Frititdserklæinga | Bufdir vart laga.

Fritidskassa er ein del av arbeidet med å nå måla i Fritidserklæringen. Økonomi kan vere ein barriere for at barn deltek i organiserte fritidsaktivitetar. Fritidskassa skal gje dei barna og familiane som treng økonomisk støtte for å kunne delta i éin organisert fritidsaktivitet den økonomiske hjelpa dei treng for å kunne delta i aktiviteten på lik line med andre barn.