Gitar (klassisk og akustisk), el - gitar og el - bass

For å byrje på gitar i kulturskulen kan du vere heilt nybyrjar eller ha spelt litt på førehand, anten åleine eller saman med ein lærar.

Me tar utgangspunkt i klassisk gitarteknikk og enkel musikkteori.

Sjølv om me rår alle til å starte med ein gitar med nylostrengar er det også  mogleg å få nybyrjaropplæring på elektrisk gitar.

I tillegg til den faste undervisningstida kvar veke, vil du få tilbod om å delta på samspelprosjekt og konsertframføringar.  

Anbefalt aldersgrense er frå 4. trinn.

Undervisninga i gitar og el-bass er i smågrupper eller individuelt.

Undervisninga er lagt til Stord kulturhus.

All instrumentalundervisinig er under kjerneprogrammet og undervisninga legg vekt på å utvikle eleven sine kreative evner, handverksmessig og kunstnerisk kompetanse og samarbeidsevne. Undervisninga er basert på langsiktig arbeid, progresjon og systematisk øving.

Utstyr du treng

Kulturskulen har ikkje gitar/el-bass til utleige. Du må ha eige instrument. Dersom du skal kjøpe ny gitar gir me gladeleg råd i val av type, merke, storleik, prisklasse m.m