Fiolin, bratsj, cello og kontrabass

Undervisninga i strykeinstrument er i smågrupper eller individuelt. Undervisninga er i Stord kulturhus.

Kulturskulen har strykeinstrument til utleige.

Anbefalt aldersgrense på fiolin og cello er 7 år/1. klasse. På bratsj og kontrabass bør du vera litt eldre. Kulturskulen har eit par kontrabassar til utleige for yngre elevar som ynskjer å prøve dette. Desse instrumenta høver for elevar frå 8 år og oppover.

Instrumentalundervisinig  legg vekt på å utvikle eleven sine kreative evner, handverksmessig og kunstnerisk kompetanse og samarbeidsevne. Undervisninga er basert på langsiktig arbeid, progresjon og systematisk øving.
 
Kulturskulen tilbyr også orkester for elevar på strykeinstrument.