I medhald av §12-14 i plan- og bygningslova, og delegert mynde, vedtok utval for byutvikling (BUT) i møte 10.04.25 å leggja oppheving av 58 reguleringsplanar til offentleg ettersyn. Liste over planane er vist lengre nede. Sjå arealplaner.no for kart og informasjon om den einskilde plan (skriv inn planID i søkefeltet).
Målet med opphevinga er å gi eit betre plangrunnlag for eigedommane i tråd med dagens situasjon og planlovverk. Når ein reguleringsplan blir oppheva, er det kommuneplanen sin arealdel som vil vera førande for ny utbygging i området. Nye byggetiltak vil bli handsama etter kommuneplanen, eventuelt gjennom ny regulering der dette blir kravd. Endringa påverkar berre nye byggetiltak, ikkje tiltak som allereie er godkjende. Oppheving av reguleringsplan har ingen innverknad på eigartilhøve, eigedomsgrenser eller tinglyste rettar.
Grunneigarar og naboar til planane får brev om høyringa. Det vil ikkje bli gjort vedtak om oppheving av reguleringsplanar før kommuneplanen sin arealdel er vedtatt.
Korleis gi merknad
Moglege fråsegner / merknader til planen skal sendast innan 13.06.2025 til:
Stord kommune, Postboks 304, 5402 Stord
Eller på e-post: post@stord.kommune.no Det er viktig å merka fråsegna/merknaden med plan-nummer (planID).
Liste over planar som er foreslått oppheva
Planar i Leirvik | PlanID |
---|---|
Bråtalio | R060000 |
Del av Bjelland Sør | R009000 |
Elektrogården Leirvik | R014002 |
Hamnegata | R059000 |
Kjøtteinsbakken - Hamnegata | R056000 |
Leirvik del I, Dampbakeriet Frugård | R012A00 |
Leirvik del IV, Teinevikjo-Djupevikjo | R015000 |
Leirvik Hamn sør | R203000 |
Midthaugen - Gullberg | R054000 |
Nesjaberget | R012C00 |
Leivik del III, Saghaugen-Kjøtteinsvegen-Skotabergvegen | R014C00 |
Sæ – Leirvik | R030000 |
Ås, Frugardskogen og Frugardselva | R058000 |
Planar i Sagvåg | PlanID |
---|---|
Valvatne bustadfelt | R121000 |
Almås | R250000 |
Tjødnalio skule | R108000 |
RV 545 v/Aker Elektro | R111000 |
Sagvåg | R104000 |
Åsheim | R104010 |
Sagvåg sentrum | R104004 |
Skulehaugen | U104002 |
Sagvåg | R124000 |
Sydnes | R105000 |
Kleivo | R106000 |
Nysæter del II | R103A00 |
Nysæter del III | R103B00 |
Rindane I | R100000 |
Rindane II | R101000 |
Lurane | R115000 |
Nysæter del I | R103000 |
Stallbakken | R122000 |
Kattanes | R114000 |
Litlabø blad IV | R102A00 |
Litlabø, blad III | R102000 |
Stord Lufthamn, Sørstokken | R205000 |
Skytebane Isdal | R204000 |
Planar i Hodnaland | PlanID |
---|---|
Verftsområdet del I | R043000 |
Langeland bustadfelt | R008000 |
Hybelneset, Eldøy | R057000 |
Hybelneset - Svartabrekko | R057001 |
Haugen II | R044000 |
Sæbø friområde | R019000 |
Heiane Industriområde | R024000 |
Heiane næringsområde | R066000 |
Hornelandsvegen | R064000 |
Tømmervik terminalområde | R117000 |
Planar i Nordbygdo | PlanID |
---|---|
Frugarden- Hystad | R022000 |
Ådland | R011000 |
Furulyvegen | U022001 |
Hystadvikjo- Aslaksvikjo | R010000 |
Aslaksvikjo- Sævarhagsvikjo del III | R028000 |
Aslaksvikjo-Sævarhagsvikjo del I | R026100 |
Del av Hystad | R223001 |
Småbåthamn Sævarhagsvikjo | R037000 |
Sævarhagen | R213000 |
Hagasjå | R017000 |
Planar på Huglo | PlanID |
---|---|
Nordhuglo | R173000 |
Skarvene | R170000 |