Fysio- og ergoterapiavdelinga i Stord kommune er organisert i Eining for aktivitet og re/habilitering med kontor sentralt i Leirvik. Eininga er ein aktiv og spennande arbeidsplass i tett samarbeid med ulike fag og yrkesgrupper, og med ulike instansar. 

Me kan tilby varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø. Vår visjon er at fleire er aktive og sjølvstendige i eige liv. Arbeidsområdet er retta mot rehabilitering, førebygging og behandling av vaksne og eldre. Individuell oppfølging av pasientar og leiing av grupper vil vere viktige oppgåver i stillinga. Fysioterapeutar tilsett i kommunen gir primært tilbod til innbyggjarar som ikkje kan nytte institutt, til dei som bur på institusjon og bistand til hjelpemiddelformidling. Me gir også tilbod i varmtvassbasseng.

Fysioterapeuten skal bidra i eit tverrfagleg, samordna og samhandlande tenestetilbod. Me ynskjer ein kollega som er fleksibel, løysningsorientert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevne. Kontinuitet i tenestene vert vektlagt.

Me søkjer ein person som har

  • Erfaring frå kommunale fysioterapitenenester og hjelpemiddelformidling
  • Erfaring med rehabilitering
  • Rettleiingskompetanse
  • Kompetanse og erfaring med leiing av treningsgrupper

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisert fysioterapeut 
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B 

Me kan tilby

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
  • Eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm. 
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje. 

For nærare opplysningar ta kontakt med: Avdelingsleiar Bente Bjelland, tlf: 41 18 19 01