Redusert opningstid i Stord kulturhus

Nye opningstider frå 1. februar:

Måndag kl. 11.30 – 21.00

Tysdag – fredag kl. 09.00 – 21.00

Laurdag kl. 11.00 – 18.00

Søndag kl. 15.00 – 21.00

Endringane fører til at offentleg bading, dagtid måndag og torsdag, har fått nye tidspunkt, ny tid er kl. 12.00 – 14.00. 

I perioden 24.06 – 16.08 vil kulturhuset vera laurdagsstengt, samt stengt måndag og tysdag ettermiddag frå kl. 15.30.

I perioden 08.07 – 04.08 vil symjehallen vera heilt stengt. 

Reduksjon i tal elevplassar i Stord kulturskule

For kulturskulen betyr nedtrekket ein reduksjon på til saman 1,25 årsverk, i praksis betyr dette at kulturskulen reduserer elevtalet med om lag 100 elevplassar. Reduksjon av elevplassar er allereie gjennomført, slik at ingen elevar mister plassen sin no. 

Kulturskulen har ikkje midlar til vikar, ved sjukdom vil difor undervisninga bli avlyst. 

Redusert opningstid i folkebiblioteket

Reduksjon i midlar til drift fører og til noko reduserte opningstider både i hovudbiblioteket i Stord kulturhus og i kombinasjonsbiblioteket ved Nysæter ungdomsskule. I tillegg vil det bli færre innkjøp av media og ingen midlar til vikar. Ved sjukdom kan biblioteka bli stengt på kort varsel.

Frå 1. februar vert det mindre endringar i opningstider til Stord folkebibliotek, dette heng saman med endring i opningstidene til kulturhuset, sjå www.stordbibliotek.no for detaljar om opningstidene.

Frå 1. februar vil opningstidene ved kombinasjonsbiblioteket på Nysæter bli redusert frå to til ei dag i veka. Opningstida vert kvar tysdag kl. 12.00 – 18.00.

Begge biblioteka har «meirope-løysing» som betyr at dei som har lånekort og er over 18 år, kan låse seg inn i biblioteket når det ikkje er bemanning der.

Reduksjon av tilbod om måndag og onsdagsklubb

Budsjettet til klubbane er redusert med 25%. 

Nedtrekket vert løyst med at me går over til å ha ein klubbleiar i måndagsklubben, i staden for to. Me legg opp til ein prøveperiode for å sjå om dette kan fungera. Det vil og bli redusert noko på opningstida i måndagsklubben. 

I tillegg er det ikkje midlar til vikar og ved sjukdom vil tilbodet bli avlyst.

Reduksjon og omorganisering av støttekontakordninga/tilrettelagt fritid

Støttekontakordninga/tilrettelagt fritid er foreslått omorganisert og skal sjåast i samanheng med liknande arbeid i andre einingar. Dette arbeidet er ikkje sett i gang enda. Det arbeidast med å redusera omfanget av vedtak, samt etablera fleire gruppetilbod.

Andre kutt og nedskjeringar

  • Sunnhordland kammerorkester mister støtta på kr 25 000.
  • Stord sogelag mister støtta på kr 10 000.
  • Stord Maritime Museum får halvert støtta og får i 2024 støtte på kr 100 000.
  • Ingen midlar til underskotsgarantiar jf. ordninga https://www.stord.kommune.no/underskotsgaranti.451869.nn.html, men det er løyvd inntil kr 25 000.- i underskotsgaranti til arrangementet 100 dagar, jf. vedtak i Utval for oppvekst og kultur 12.12.23.  
  • Dei kommunale prisane (seniorpris, kulturpris, eldsjelpris, pris for godt tilgjenge og målpris) vil ikkje lenger får utdelt kunstverk, men det vil bli ei markering og det vil bli utdelt diplom og blomar. Utdelinga vert truleg lagt til eit kommunestyremøte.
  • Kulturstipendet vert redusert frå 40 000 til 15 000.
  • Midlar til salutt på 17. mai er teke vekk.
  • Midlar til UKM (Ung Kultur Møtast) er teke vekk.
  • Støtte til det nyoppstarta Demenskoret er teke vekk. Drift av demenskoret vil truleg halde fram, men i regi av Stord Fitjar demensforeining.