Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Skulefritidsordning - Redusert foreldrebetaling for SFO

Generelt

Ingen hushald (familiar) pliktar å betala meir enn seks prosent av den totale årsinntekta si for éin fulltids plass i Skulefritidsordninga (SFO). Ordninga gjeld for elevar på 1. og 2. trinn. Du må søkja om redusert foreldrebetaling. Sjå meir informasjon om ordninga og lenkje til søknadsskjema nedanfor.

Elevar med særskilde behov har rett til gratis SFO-plass frå 5.—7. årstrinn.

Stord kommune tilbyr frå 2021 søskenmoderasjon i SFO. For å få rett til søskenmoderasjon må søsken bu i same hushald. Søskenmoderasjon vert rekna ut etter kva plasstype det enkelte barn har. Han vert berekna slik: For første barn må du betala vanleg pris. For barn nummer to får du 30 prosent søskenmoderasjon. For barn nummer tre og oppover får du 50 prosent søskenmoderasjon.

Merk at du ikkje treng søkja om søskenmoderasjon. Han vert berekna automatisk.

Informasjon om redusert foreldrebetaling i barnehage finn du her.

Generell informasjon om SFO-ordninga finn du her

Pris for tenesta

SFO i skuleåret

Ordinær pris for ein 100% SFO-plass i Stord kommune er (per 01.01.2021) kr. 3 519,- per månad. Det er 10 betalingsmånadar per skuleår. I tillegg kjem eventuell foreldrebetaling for SFO på skulefriedagar og sommar-SFO.

Alle satsar finn du her. Det vil derfor vera hushald (familiar) med lågare inntekt enn kr 586 500,- som har rett på redusert foreldrebetaling.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Slik søkjer du

Du treng desse vedlegga:

Før du skal søkja må du finna fram siste års skattemelding(ar) (sjølvmeldinga) for hushaldet (familien), denne må leggjast ved søknaden du sender inn. Om skatteoppgjeret er klart, kan du i staden leggja ved dette. Dette er dokumentasjon på at du faktisk har krav på redusert foreldrebetaling.

Om du har skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje står i skattemeldinga, må du dokumentera desse. Dette kan mellom anna vera renteinntekter, aksjeutbytte og leigeinntekter. Søknaden vert ikkje handsama før all dokumentasjon er sendt inn.

Om du nyleg er kommen til Noreg og verken har skattemelding, lønnsslippar eller vedtak frå NAV, må du leggja ved politiattest på opphaldsløyve.

Nedanfor finn du forklaring på omgrepa skattemelding og hushald (familie).

Forklaring på sentrale omgrep

Kva meiner me med hushald (familie)?

Med hushald meiner me ektefellar, sambuarar og registrerte partnarar. Med sambuar meiner me to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn.

Bur barnet fast hos begge foreldra (delt bustad), skal betalinga frå foreldra vere berekna ut frå inntekta til den av foreldra der barnet er folkeregistrert.

Kva er ei skattemelding og kvar finn eg denne?

Skattemelding erstatta det me tidlegare kalla for sjølvmelding. I april får alle som tek imot løn, pensjon eller uføretrygd ei skattemelding. Det er ei oversikt over inntektene dine, frådrag, formue og gjeld.

Her er lenkje til Skatteetaten sine sider der du kan finna informasjon om og henta ned ei fil med skattemeldinga eller skriva den ut:

https://www.skatteetaten.no/person/skatt/skattemelding/hjelp-til-skattemelding/skriv-ut-skattemeldingen-pa-papir/

Fyll ut og send inn søknadsskjema:

Til søknaddsskjema for redusert foreldrebetaling

Søknaden må du senda til den kommunen der barnet er folkeregistrert.

Eg treng hjelp til å skriva søknaden

Du kan ta kontakt med Stord kommune, fagavdeling oppvekst og utdanning, for å få hjelp til å skriva søknaden. Av omsyn til kapasitet bør du gjera avtale med sakshandsamar på førehand.

Søknadsfrist og varigheit

For søknadar motteke før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skuleåret. Vert det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet.

Merk at før du har motteke vedtak om redusert foreldrebetaling må alle fakturaer for SFO betalast innan frist som kjem fram av faktura. Om du har rett til tilbakebetaling, vil beløp verta avrekna ved seinare høve.

Merk at du må senda ny søknad kvart SFO-år.

Har hushaldet (familien) hatt varig nedgang i inntektene inneverande år?

Du kan søkja undervegs i SFO-året om det er vesentleg og varig endring i inntekta. Det kan vera at inntekta går kraftig ned på grunn av for eksempel arbeidsløyse, samlivsbrot eller dødsfall. Inntektsfallet må dokumenterast. Aktuell dokumentasjon skal ikkje vera eldre enn 1 månad. Skattefrie overføringar som barnebidrag, kontantstønad, barnetrygd m.m. skal ikkje inkluderast i inntektsgrunnlaget.

Døme på dokumentasjon av varig nedgang i inntekt:

  • Ytingar frå NAV som er skattepliktige
  • Dersom det er endringar frå skatteoppgjer/skattemelding når det gjeld tilsetjingsforhold/jobb, må arbeidstakar få stadfesting frå arbeidsgjevar om tilsetjingsforhold (stillingsstorleik, fast/midlertidig, løn per år)
  • Sjølvstendig næringsdrivande: Stadfesting frå rekneskapsførar/revisor på forventa årsinntekt
  • Arbeidsledige: Stadfesting frå NAV om utbetaling og tidsrom for utbetaling
  • Ved permisjon utan lønn skal dette dokumenterast
  • Studentar: Kopi av studentbevis eller stadfesting frå skulen om skuleplass,
  • Ev. annan relevant dokumentasjon (skal leggjast ved)

Husk: Både personinntekt og kapitalinntekt skal takast med i berekninga

Til dømes:

  • Ytingar frå NAV som er skattepliktige, t.d.: Sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar, uføretrygd, dagpengar, stønad som einsleg forsørgjar, etterlatepensjon
  • Kapitalinntekter, t.d.: Renteinntekter, fonds- og aksjeutbytte, gevinst ved sal av eigedom og lausøyre
  • Andre inntekter, t.d.: Bustønad, leigeinntekter

Saksbehandling

Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å venda deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Merk at Stord kommune sender deg brev digitalt til den digitale postkassen din. Om du ikkje har oppretta digital postkasse, vil du få brev på papir.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å handsama saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klaga til instansen som fatta vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du venda deg til kommunen. Dersom klagen verken heilt eller delvis vert teken til følgje, vil klagen med alle saksvedlegg bli sendt vidare til sentral klagenemnd i kommunen. Vert klagen teken delvis til følgje, vil eit nytt vedtak med ny frist for klage bli sendt til dykk frå kommunen. Nemnda si avgjerd er endeleg og kan ikkje klagast på.

Klagen kan du senda digitalt her

Du kan alternativt senda søknaden til:

Stord kommune v/fagavdeling OKU
Postboks 304
5402 Stord

Kontakt

Fagavdeling oppvekst og kultur

Skulefagleg rådgjevar Hans Dagfinn Reppen

Telefon: 53 49 67 94 

Skulefagleg rådgjevar Nancy Aasheim

Telefon: 53 45 64 85

Send sikker digital post

Tenesta oppdatert: 23.02.2021 12:39

Skjema

Dokumenter